Lokal | 05. mars 2013

Samkjørt Krafttak mot kreft

Russen ved Os Gymnas og Os vidaregåande skule samkjører i år med Fusa vgs om planlegginga av årets Krafttak mot kreft. Klarer dei å samla inn meir enn rekordåret 2012?

Samkjørt Krafttak mot kreft
Bak f.v.: Jonas Hellevang (Os gym), Julie Kopperud (Os vgs), Lena Leikvoll (president Os vgs), Synnøve Rykkel (Os Gym) og Martin Leigland (Fusa). Framme: Margit Hilland Lærum (president Os Gym) og Rebecca Aakre Bratland (president Fusa).
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. mars 2013 10:15

I fjor hadde russen mål om å få inn eit snitt på minst 1000 kroner på kvar av dei 80 bøssene dei hadde i drift i den årlege innsamlingsaksjonen.

Det klarte dei med god margin, snittet blei på nesten 1300 og russen ved dei to vidaregåande skulane i Os samla inn rekordbeløpet 103.558 kroner.

– Med god planlegging og godt koordinert aksjon trur vi det blir vellykka i år òg, seier russepresident ved Os Gymnas, Margit Hilland Lærum.

– Kven skal stå på ferjekaiane?

Dei siste åra har russen ved Os Gymnas planlagt innsamlingsaksjonen saman med russen frå Os vgs.

Eit initiativ frå Lærum førte til nytt, utvida samarbeid i år, når dei to vidaregåande skulane frå Os samkjører med Fusa vgs.

– Vi i Os har fleire elevar frå Fusa, og det er ein god del osingar som er elev i Fusa. Sidan innsamlinga er på fritida er det ein stor fordel om vi samarbeider om å fordela område.

– Kven tar kva nabolag, kven står ved kva butikk og kven vil stå på ferjekaiane? Det gjeld å fordela fordeler ressursane rett om aksjonen skal bli effektiv.

Frå torsdag til søndag

Innsamlinga blir gjennomført frå torsdag ettermiddag til og med søndag kveld.

Det einaste som skjer i skuletida er at Kreftforeningen torsdag kjem og held informasjon og kick-off for elevane.

– Vi håper folk tar godt imot oss og førebur seg og har kontantar heime desse dagane, seier Jonas Hellevang.

– Eller at dei kjem bort til dei av oss som står ute i felten, ved butikkar på på handlesenter.

Riksdekkande og lokal premiering

På spørsmål om resten av russen er motivert for aksjonen, svarer russepresidentane eit litt nølande "ja".

– Vi trur oppslutnaden blir god, men mange er travle på fritida med trening og jobb, så vi er litt spente på kor stor innsats kvar enkelt gjer for denne gode saka.

Beste skule på landsbasis blir premiert med gratisbillett til russetreff til dei ti beste ved skulen. Russestyra i Os og Fusa har ikkje midlar til å lova lokal premiering til sine eigne beste.

Det fekk Midtsiden til å engasjera seg - ikkje med beløp direkte til kreftsaka - men indirekte ved å sponsa med ein kasse motivasjon i premie.

Den eleven som samlar inn mest, ved kvar av skulane, vinn ein kasse øl. "Sånn som ungdomen lika".

Russen står for 90 prosent

Krafttak mot kreft er Kreftforeningens årlege innsamlingsaksjon. Russen utgjer over 90 prosent av bøssebærarane og har dei siste åra samla inn 50 millionar kroner til kreftsaka.

Pengane frå Krafttak mot kreft går i 2013 til genforsking.

Om du ikkje får russ på døra, eller vil lesa om saka og gje støtte digitalt, kan du besøka krafttakmotkreft.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.