Sandra kom tett på publikum
Yrande liv på Våge: Sjå bildeserie frå Sandra Lyng-konserten og Ta Sjansen.
Bildeserie:
Etter 2500 på Sivert Høyem på Tysnessåta torsdag, ein rekordgod fredag med 7.200 gjestar (fullt hus) framfor hovudscenen på Gjerstad, heldt Tysnesfest laurdag fram med aktivitetar og gratiskonsert på lekteren i Våge hamn.
For tredje år på rad var det rigga til for Ta Sjansen, der heimebygde racebåtar utan motor, med og utan hell, tok fart og sikta seg inn på bjella eit stykke lengre ute i hamna.
Publikum sat i hestesko og om bord i båtar for å få med seg komikken.
Så følgde Sandra Lyng-konsert på lekter ved ferjekaien. Sandra Lyng Haugen var 16 år då ho i 2004 kom på 4. plass i Idol. Seinare har ho hatt fleire singlar og album høgt oppe på VG-lista.
Sandra erstatta Morgan Sulele, som måtte melda avbod, og sjarmerte heile lekteren.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.