Kultur | 24. nov. 2015

Satsar lokalt

Romjulsbluesen på Peppes har blitt ein fast og populær tradisjon i Os.

Satsar lokalt
Ada Keita Band i aksjon på Påskeblues 2015. (Foto: KVB)
Kari M. Lyssandtirsdag 24. nov. 2015 12:01

I år satsar dei friskt med blant anna to nye band, begge frå Os.

– Det er veldig kjekt å få vist fram Os-band som folk kanskje ikkje har hørt før. Og det er viktig at vi tar vare på den lokale kulturen vi har her i bygda.

– Vi har fått med oss bandet Golvkaldt, ein gjeng osingar med Linda Nytræ i spissen, fortel arrangør Steinar Lyssand.

Golvkaldt har spelt i lag i nokre år, men dette er første gong Lyssand får høyra dei, noko han gler seg til. Bandet speler låtar i sjangrane blues/soul/rock.

God stemning og allsong med Kurt'n

Eit anna band frå Os er Ada Keita Band, der blant anna brørne Vegard og Kjetil Skorpen er med.

Dei spelte for fyrste gong på Påskebluesen i år, men dette er første gong dei opptrer på Romjulsblues.

Sjå bilde og video frå årets Påskeblues.

– Dei har både ein del eigne låtar og coverlåtar på repertoaret.

Ein annan som har stått på scenen på Peppes tidlegare er Kurt Røttingen, han er òg klar denne romjula.

– Med Kurt så blir det god stemning og allsong i lokalet.

Satsar på fullt hus i år og

Hovedband denne kvelden er Dag Bergesen Band som fleire gongar har fått osingane til å svinga på seg.

– Interessen for romjulsbluesen har gått over all forventning.

Sidan Osøren Blues og jazzfestival la ned i 2013 tok Lyssand stafettpinnen vidare og sørga for at det framleis blei blues til folket på Peppes både i jula og påsken.

– Vi har vore utselt dei to siste åra, og etterspørselen etter billettar er allereie byrja, så det ser ut som det blir fullt hus i år også, seier arrangøren engasjert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.