Kultur | 02. des. 2013

Satsar på dei eldre

Med prosjektsamarbeidet "Eit verdig liv i alderdomen" lanserer Oseana eit heilt nytt tilbod til dei eldre i Os.

Satsar på dei eldre
Ole Tobias Lindeberg direktør i Oseana, Grete Byrkjeland frå kultureininga i kommunen og Aase Rokne og Olav Søfteland frå Senioruniversitetet samarbeidar om seniortreff i Os.
Kari M. Lyssandmandag 02. des. 2013 07:46

I haust lanserte Oseana, i samarbeid med Kavlifondet, prosjektet FrisKunst, eit formidlingsprogram for born og unge.

No kjem ei satsing på dei eldre innbyggjarane i Os. Med tittelen "Eit verdig liv i alderdomen" blir det seniortreff i Oseana.

Møteplass med meining og innhald

Det er direktør Ole Tobias Lindeberg som tok initiativet og med seg har han fått Os kommune, Senioruniversitet og støtte frå GC Rieber-fondene.

- Ole Tobias kontakta oss med ideen sin og vi synest det var eit flott prosjekt å bli med på, fortel Aase Rokne, leiar for Senioruniversitetet i Os.

Målet er å gje dei eldre i Os ein møteplass med meining og innhald, og å gje dei eldre meir kunnskap og innsikt så dei sjølv kan førebygga og kan bu heime så lenge som mogleg.

- Det er ei sak eg brenn veldig for og vi i Oseana kan invitera og tilrettelegga, men så er det Senioruniversitetet og kommunen som veit best kva innhald programmet bør ha, seier Lindeberg.

- Det ville ikkje vore nokon god idé av meg å setja i gang med eit slikt prosjekt åleine, uten å ta kontakt med dei som kan det.

Saman har dei no laga eit program for tre måndagar på vårparten, med foredrag, kaffe og kaker etterfulgt av ein lunsjkonsert

Husebø og Jordal

- Vi har gått grundig gjennom kva tema vi vil ha og har vore så heldig å få valt forelesarar på øvste hylle, seier Grete Byrkjeland frå kultureininga i Os kommune .

Første foredrag 17. februar er med Bettina Husebø, lege, PhD og leiar for Senter for alders- og sykehjemsmedisin, UiB.

Husebø tar for seg temaet "Aktivitet og helse", medan Helge Jordal står for lunsjkonserten.

- Vi vil senda ut informasjon til alle lag i kommunen og ein finn og programmet på Oseana sine nettsider og hos oss, fortel Byrkjeland.

Dei tre måndagane har ein raud tråd, men ein kan velja om ein kun ønsker å vera med på ein av dagane eller alle, eller om ein berre vil høyra foredraget eller konserten. Tilbodet er retta mot eldre som bur heime, men dei poengterar at det er ope for alle som ønskjer å bli med, anten dei er eldre, pårørande eller berre interesserte i temaet.

- Eg trur dette blir eit kjempepopulært tiltak og har stort håp om at det skal kunne fortsetta vidare, avsluttar Lindeberg entusiastisk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.