Gisle Hesjedal (Ap) ønskjer fleire lærlingar i Os kommune (foto: Andris Hamre)

Satsing på lærlingar?

Lesarinnlegg: Med berre 20 lærlingar i Os kommune ligg vi heilt på minimumstalet. Dette meiner vi er altfor passivt!

Av: Andris Hamre

I midtsiden.no 29.12.16 kunne vi lesa om ei positiv regelendring om at det no skal væra lærlingar på alle større offentlege prosjekt. Regelendringa kom etter eit initiativ frå osingen Leiv Gunnar Heggland (FrP). All honnør til Heggland for å ha fremma forslaget! Dette vil gjere det lettare for ungdommar over heile landet å få seg læreplass i private bedrifter som gjer oppdrag for det offentlege.

Det som er rart og uforståeleg er at berre ni dagar tidlegare stemde FrP, H og KrF mot ei auka satsing på lærlingar i Os kommune.

Av 27.234 søkjarar til læreplass stod 8.869 framleis utan lærekontrakt per 01. desember 2016. For at fleire av desse skal koma inn i arbeidslivet og unngå å hamna i NAV-systemet må både private bedrifter og det offentlege bidra. Det nasjonale måltalet er at kommunane som eit minimum skal ha 1 lærling per 1000 innbyggjar. Og det er akkurat det Os har. Med berre 20 lærlingar i Os kommune ligg vi heilt på minimumstalet. Dette meiner vi er altfor passivt!

Tilgang på læreplassar er viktig for at ungdommen i Os skal få ein god start på vaksenlivet sitt, og vi meiner at Os kommune har eit særleg samfunnsansvar for å bidra til dette. Vår ambisjon er at Os skal vera ein føregangskommune når det gjeld å ta inn lærlingar.

I samband med behandlinga av budsjettet for 2017 føreslo derfor Arbeidarpartiet saman med Sp, MdG og TvS at Os kommune gradvis skal auke talet på lærlingar til 100 innan 2020. Dette stemde altså FrP, H og KrF i mot. Kvifor, forstår eg ikkje.

I tillegg til kommunen sitt samfunnsansvar er også lærlingeordninga ei svært god kjelde til å rekruttere ny kompetent arbeidskraft til kommunen. Med den folkeveksten vi opplev kjem vi til å få ei kraftig auke i behovet for faglært arbeidskraft i åra som kjem. Då treng vi fleire lærlingar!

Ein kommune som har forstått dette er Fjell, ein kommune vi ofte likar å samanliknar oss med. Dei har 25.000 innbyggjarar og skulle med same haldning som Os hatt 25 lærlingar. Berre i haust tok dei inn 34 nye lærlingar. Totalt har dei 80, med mål om å auke ytterlegare. Og det er vel ingen grunn til at FrP- og Høgre-styrte Os skal være dårligare enn Arbeiderparti- og Høgre-styrte Fjell?

Gisle Hesjedal
Kommunestyrerepresentant
Nestleder Os Ap

Fleire saker

bilde-midtsiden

Brann imponerte ikkje

24. mai 2017

Eit offensivt Lysekloster viste lite respekt for eliteserielaget Brann i 2. runde i cupen.

bilde-midtsiden

Festen i gang

24. mai 2017

Toppskårar Kristoffer Østervold er klar til å tukta Brann. Her er laga som startar. Oppdatert: Pause i Lysefjorden

bilde-midtsiden

Nor-Mær flaggar heim til Os

24. mai 2017

Etter over 20 år med produksjon av oppdrettsanlegg flyttar Os-selskapet fabrikken til heimbygda.

bilde-midtsiden

Tre på regional talentsamling

24. mai 2017

Nora Johnsen, Stine Eide og Malene Massi Fagertun er teke ut på regional talentsamling i håndball for J2002.

bilde-midtsiden

Første del av ferjefri E39 vedtatt

24. mai 2017

E39 Ferjefri: Stortinget vedtok i går at Rogfast skal byggast. Sjå Statens vegvesen sin animasjonsvideo av heile Ferjefri E39 her.

bilde-midtsiden

Tar Lysekloster på alvor

24. mai 2017

Brann tar ikkje lett på oppgåva når dei møter Lysekloster i 2. runde i cupen onsdag kveld. – Det er eit bra lag, seier Lars Arne Nilsen.