(Ill. foto: KVB)

Sau skadd av hund

Politiet: Trafikkulykke på Halhjem, køyring i narkorus og skadeleg møte mellom hund og sau.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag morgon fortalde politiet om rusa mann som gjekk frå hus til hus på Lekven til han blei henta og frakta til rusakutten.

Politiet har òg hatt eitt og anna å ta tak i på fredag og søndag.

Ulykke ved Halhjem Kjøkken

Fredag litt før klokka 18 fekk politiet melding om trafikkulykke på E39 Halhjemsvegen, nær Halhjem Kjøkken.

– Ein bil sto med airbag utløyst, det såg ut som ei singelulykke. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, men det er tatt beslag i førarkortet til bilførar, ein mann i 50-åra, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Kvinne mistenkt for å køyra i narkorus

Fredag kveld blei ein bil stoppa av UP. Bilførar, ei kvinne i 20-åra, er mistenkt for å køyra i narkorus.

Test med narkometer gav utslag på cannabis og førar blei tatt med for blodprøvetaking.

Sau skadd av hund

Søndag klokka 13.50 fekk politiet melding om sau skadd av hund på Midtsæter.

– Hunden skal ha gått laus, saman med ei gruppe som var på tur. Den blir skildra som ein husky eller liknande rase.

– Sånn det ser ut i notatane frå i går så var det ein annan turgåar som observerte dette. Vi har fått kontakt med saueeigar og viltkontakt, men har førebels ikkje snakka med hundeeigar, seier Fimreite.

Midtsiden har snakka med turgåar som hadde hunden til ein kamerat med seg.

– Hunden beit ikkje sauen, men jagde sauen, som skadde seg då den snubla mens den var på flukt.

– Det er ikkje bandtvang etter 30. september, og eg har gledd meg til å løpa i fjellet med hunden. Sauane skulle vel vore i hus før 1. oktober, seier han.

• Os kommune: Forskrift om bandtvang

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.