Lokal | 20. nov. 2010

Schæfer amok i Stølsvegen

- Den sprang langt, men målretta mot hundane mine, det var skremmande å sjå, seier Leif Erik Garvik.

Schæfer amok i Stølsvegen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. nov. 2010 08:31

Leif Erik Garvik, kona og dei to hundane deira var på veg opp frå Os sentrum då dei såg ein schæfer koma springande ut vegen frå Bjørnefjorden Golfklubb.

- Det såg ikkje ut som om den visste kvar den skulle. Før den såg hundane, då kom den spurtande på gangvegen langs Hatvikvegen, rett mot oss, fortel Garvik.

- Eg såg ikkje nokre folk i området som kunne vore eigar av hunden, så eg forsto at det kunne bli bråk. Men eg hadde ikkje trudd at den skulle gå så kraftig til angrep.

Sparka, men stussa
Garvik og kona byrja å gå innover Stølsvegen med dei to tispene sine, men hunden følgte etter.

- Den gjekk rett på og tok eit jafs over ryggen på Chilli, den eldste av hundane våre. Instinktivt sparka eg etter schæferen, men eg er så glad i dyr at eg merka at eg vegra meg og trekte meg litt i sparket.

- Det var heldigvis likevel hardt nok til at schæferen sleppte taket og stakk.

5000 i rekning
Chilli, som er ein dvergschnauzer, hadde ikkje sjanse til å forsvara seg mot den aggressive schæferen.

- Det såg stygt ut. For det første har eg aldri sett sånn åtferd hos ein hund før, for det andre fekk den godt tak med bittet over ryggen på hunden vår.

- Vi frykta at lungene hennar var punktert, men vi slapp med skrekken. Og 5000 kroner i veterinær-rekning.

Møtte han eigaren?
Garvik fortel at det er mange hundar i Stølsvegen, men at den som gjekk til angrep torsdag for ei dryg veke sidan er ein han aldri har sett før.

- Men eg gjekk ein tur med hundane torsdag i denne veka, og då møtte eg på ein veldig hissig schæfer som gjekk i band. Eg var så opptatt av å passa på hundane mine at eg kom ikkje på å spørja eigaren om det kunne vera hans hund som sto bak angrepet i førre veke.

- I ettertid er eg ganske sikker på at det var same hund, for den var utruleg hissig og veldig lik på den som beit. Om eg treff vedkomande igjen, eller om han les denne artikkelen og tar kontakt, vil eg fortelja han kva vi har vore gjennom.

- Kva vil du å så fall be vedkomande om å gjera?

- Alle kan mista kontrollen på hunden sin, men det som er viktig er at ein er ærleg med seg sjølv når det gjeld hunden sitt lynne. Enkelte hundar er så usikre og farlege at noko bør gjerast.

- Kva hundeeigaren vil gjera får vera opp til han, eg vil berre at han skal få veta kva skade hunden hans er i stand til å gjera, også når den ikkje er provosert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.