Schjeldant god!
Bergensarane kan gleda seg til årets juleshow på Ricks. Osingane bør stilla sterkare neste gong Christoffer Schelderup står på plakaten.
Bildeserie:
Laurdag fekk Os oppleva førpremiere på årets juleshow frå Stand Up Bergen, eit show som skal gå på Ricks i 13 omgangar i november og desember.
Jan Tore Kristoffersen stilte som vikar for ein sjuk Grim Moberg i eit show av dei som har fått flest til å le seg krokete i Bergen i år, Ole Soo, Tomas Nesse og konferansier Christoffer Schjelderup.
Irish Cat stilte, rigga til Halloween, med ny scene til klubben Råkt Opp & Ned.
– Eg var først litt skeptisk til den nye scenen, som tar litt plass og flyttar komikarane nærmare publikum, men det fungerte veldig bra, synes arrangør Jon Hægland.
Med bestemor i salen
Då showet starta sat det folk på alle stolane bortsett frå første rad, likevel var det berre halvfullt.
– To av tre show i vår var smikkfulle, altså over 100 i salen. Starten på hausten, med Dex Carrington, var eitt utselt og eitt nesten utselt show.
– Men i dette lokalet går det greit å vera 40-50 òg. Det som var ekstra kjekt å sjå i går var spennet i alder, med fleire i 40-50-åra.
Eldste i salen var bestemora til Jon, Kari, som fyller 84 år i januar.
Ho var ikkje den som lo minst.
Jul, Jesus og Syden-tur med dama
Til og med standupkomikarar veit å skapa julestemning, eller i det minste, snakka om jula, om bibelen, Jesus og dette med reklamane på TV i når det er helligdag.
Schjelderup var, som konferansier, på scenen i fleire omgangar, og hadde fleire tema rundt tida vi no går inn i, om verdens undergang 21.12.2012, om kor kristen du kan vera utan at det blir ulogisk - og om korleis Jesus ville bli tatt imot om han dukka opp blant dei mest religiøse i dag.
Han trefte med alt, anten han snakka om Maya-indianarar, måleeiningar eller heldt minikurs i japansk.
Neste gong Schjelderup skal til Os er det berre til å sikra seg billett. Eller ta turen og sjå juleshowet i Bergen, konferansieren åleine er verdt det!
Ole Soo stilte med mykje nytt materiale etter suksessen på Os i april, noko av det henta frå eigen tur med kjærasten til Rhodos i haustferien ...
Jan Tore Kristoffersen opplever mykje på bussen, og i kassen i butikken - og mitraljøsen frå Fana, Tomas Nesse, avslutta kvelden med å visa deg at han har svaret på alt. Det er berre sånn det er.
D-Dag neste
Neste standupkveld på Irish Cat er D-Dag med Dag Sørås torsdag 8. november.
– Her blir det nok smikkfullt. Det er 18-årsgrense og billettsalet er allereie godt i gang, seier Hægland.
– Vi er heldige som er så nær Bergen og kan stilla med komikarar med dette kaliberet. Får eg tak i ei fin gruppe komikarar til jul er det mogleg vi kjører ein tilleggskveld før nyttår, viss ikkje blir neste show siste halvdel av januar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.