Lokal | 29. jan. 2014

Seier nei til bompengeutviding

Kommunestyret seier nei til utvidinga av bompengeperioden på ferga mellom Halhjem og Sandvikvåg for finansiering av fylkesveg på Stord og Fitjar.

Seier nei til bompengeutviding
Os kommunestyre vil setja stopp for bompengeinnkreving på Halhjemsferga (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 29. jan. 2014 11:16

Etter initiativ frå Stord kommune er det utarbeida ein søknad i samarbeid mellom Stord og Fitjar kommunar og Statens vegvesen om utviding av bompengeperioden for innkrevjing av bompengar på E39 Halhjem – Sandvikvåg med ytterligare to år til 1. januar 2017.

Bakgrunnen for søknaden er at det manglar finansiering til nødvendig ferdigstillelse av fv 545. Ved ei utviding av bompengeinnkrevjinga til og med 2016 vil den opphavlege bompengepakka vere mogleg å realisere. Ein vil då kunne byggje ny bru på Sagvåg, utbetre strekninga Rimbareid – Vik med tilhøyrande gang- og sykkelveg samt utbetre strekninga over kommunegrensa og anna mindre arbeid.

Seier nei for tredje gong

Innkrevjingsperioden var opprinneleg fastsett til 6 år, til utgangen av 2008. Seinare vart perioden utvida 4 år og i 2012 ytterligare 2 år. Med den nye utvidinga som ein no søkjer om, vil samla innkrevingsperiode vere 15 år, frå 1.januar 2002 til 1. januar 2017.

Kommunestyret handsama tysdag den nye søknaden om utviding av bomperioden.

– Vi har sagt nei til utviding tidlegare.

– Det gjorde eit samrøystes kommunestyret denne gongen også, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

I vedtaket frå kommunestyret legg ein vekt på at det er E-39 som er stamvegen mellom Bergen og Stavanger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.