
Sein sluttspurt heldt ikkje
Etter to kampar mot Arna/Bjørnar og Voss, der Os har vore sjanselause hadde trenar Tore Nielsen tru på det sterke mannskapet han mønstra i det som etterkvart blei tussmørket på Kuventræ tysdag kveld.
Første omgangen endar mållaust, men Os var spillemessig best og har dei beste halvsjansane.
Sola forsvann, måla kom
I det sola forsvann bak Ulvenfjellet kom måla.
0 – 1 kjem etter eit frispark frå 25 meter der ballen blir halvvegs klarert av Osforsvaret, men sprett i ein Øystesespelar og i mål.
0 – 2 kjem berre fem minutt seinara. Os presser, men Øystese kjem på ei kontring som endar med at Øystesespissen snublar i eit par Osbein i løpsduellen. Dommaren er ikkje i tvil og peikar på straffemerket.
Berre tre minutt seinare gjer Osforsvaret minst eit par tabbar med dårlege pasningar på tvers. Øystesespissen snappar ballen og set han enkelt forbi Kjetil Hansen i Osmålet.
Slutta å kjefte, starta å score
Etter tre kjappe mål frå Øystese var frustrasjonen stor blant Osherrane. Fokusen gjekk frå å spele fotball til å kjefte på kvarandre.
Då Ostrenar Tore Nielsen fekk herrane innatt på rett spor kom og måla og tru på poenga.
1 – 3 startar med eit fint løp på venstresida som blir slått heilt over på bakre stolpe. Der står Ramo Racic og klinkar ballen i lengste hjørnet på heil volley.
Berre to minutt etter er Os igjen frampå. Angrepet endar med hjørnespark. Preben Borgen legg eit innoverskrudd hjørnespark som Tim Henrik Sperrevik stussar vidare og inn nede ved stolperota.
Etter dei to kjappe måla var det tydeleg at trua var tilbake. Os pressa på, men dessverre, det blei med dei to måla.
- Eg er nøgd med korleis vi hentar oss inn igjen etter å ha kome tre bak, seier Tore Nielsen.
- Det eg ikkje er nøgd med er alle dei individuelle feila vi gjer. Med det gode mannskapet vi stiller i dag burde vi ha vunne i dag, meiner Nielsen.
- I dag vil eg trekke fram Anders Glesnes som gjer ein god kamp på ein uvant back-plass og Vegard Engelsen Moberg som gjør eit godt innhopp, avsluttar trenar Tore Nielsen.
Os sitt lag:
Kjetil Hansen
Baste Jonassen, Tore Valvik, Christoffer Sande, Anders Glesnes
Espen Kopperud, Preben Borgen, Martin Eidsvik, Christian Almeland
Tim Henrik Sperrevik, Ramo Racic
Byter: Christer Olsen for Kopperud, Sven Lyssand for Christian Almeland, Vegard Engelsen Moberg for Sande.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no



