Sport | 13. juli 2014

Seks toppar på éin dag

Bildeserie: Kvifor reisa til byfjella eller Hardangervidda for å gå i fjellet? Vi gjekk fjellrekka frå Svinningen til Midtsæterfjellet.

Seks toppar på éin dag
Utsikta er upåklageleg heile vegen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 13. juli 2014 07:57

Bildeserie:

Porten til Svinningen (foto: Andris Hamre)
Porten til Svinningen (foto: Andris Hamre)
Kjæringasteidn, med visdomsord frå Vildmarkens son (foto: Andris Hamre)
Kjæringasteidn, med visdomsord frå Vildmarkens son (foto: Andris Hamre)
Om du vil letta i antrekket kan du gjera det her (foto: Andris Hamre)
Om du vil letta i antrekket kan du gjera det her (foto: Andris Hamre)
Ei av dei mange oppmuntringane frå Vildmarkens søn på veg opp til Svinningen (foto: Andris Hamre)
Ei av dei mange oppmuntringane frå Vildmarkens søn på veg opp til Svinningen (foto: Andris Hamre)
Turen starta ved Øvredalsvatnet, midt i bildet (foto: Andris Hamre)
Turen starta ved Øvredalsvatnet, midt i bildet (foto: Andris Hamre)
Siste strekket opp mot toppen er bratt, men greitt å ta seg fram i (foto: Andris Hamre)
Siste strekket opp mot toppen er bratt, men greitt å ta seg fram i (foto: Andris Hamre)
På Svinningen ser du til Kvam, Gullfjellet og utover fjorden (foto: Andris Hamre)
På Svinningen ser du til Kvam, Gullfjellet og utover fjorden (foto: Andris Hamre)
Stien er grei å finna. Om missar den, er det berre å halde høgdedraget (foto: Andris Hamre)
Stien er grei å finna. Om missar den, er det berre å halde høgdedraget (foto: Andris Hamre)
Mange småvatn langs turen (foto: Andris Hamre)
Mange småvatn langs turen (foto: Andris Hamre)
Kanskje kan ein dukkert frista... (foto: Andris Hamre)
Kanskje kan ein dukkert frista... (foto: Andris Hamre)
Ned frå Midtsæterfjellet er stien tydeleg og grei (foto: Andris Hamre)
Ned frå Midtsæterfjellet er stien tydeleg og grei (foto: Andris Hamre)
Her gjekk turen (kart: ut.no)
Her gjekk turen (kart: ut.no)
1 av 12

Ein treng ikkje reise langt for å oppleve storslått natur. Vi har den i vår eigen bakhage.

Midtsiden nytta ein av dei fine sommardagane til å gå fjellrekka frå Svinningen til Midtsæterfjellet. Heile seks toppar, frå Midtsæterfjellet på 604 moh til Svinningen på 842 moh, fekk vi med oss på turen.

Vi innrømmer det gjerne med éin gong, sjølv om turen var fantastisk i finvêret og naturopplevinga storslagen, så var den dryg.

16,08 km på 5 timar og 58 minutt logga Endomondo for oss. Nei, vi er ikkje i spesielt god form, men turen er likevel overkomeleg. Hugs berre godt med mat og drikke. Det gjorde ikkje vi ;-(.

Avtal skyss

Vi starta turen ved starthytta i Øvredalen, kor det òg er godt med parkeringsplassar for turgåarar, og enda ved gardane på Midtsæter.

Du kan køyra to bilar og plassera den eine ved Midtsæter, men det er dårleg med parkeringsplassar der, så vi rår deg i staden til å få nokon til å køyra deg om du vil sleppa å gå inn til Øvredalen etter fjellturen.

Dessutan var det godt å berre vera passasjer då turen var ved vegs ende..

Motiverande ord

Dei første par kilometrane er greie, i skogsterreng, til du kjem til porten til Svinningen, merka av Vildmarkens søn, Jimmy Øvredal.

Jimmy´en gjer òg sitt for at det neste stykket opp mot toppen skal gå lettare. Med ujamne mellomrom har han, sett opp små installasjonar, som BH-treet og Kjærringasteidn, og oppmuntrande ord og vers.

Etterkvart som du nærmar deg toppen blir det bratt, men ikkje verre enn at du klarar det om du tar deg tid og ein pust i bakken.

Vel oppe på det høgste fjellet i Os - Svinningen - får du ei fantastisk utsikt innover mot Kvamsskogen, Gullfjellet og utover mot fjorden og Fusa-landet.

Ta deg ein dukkert

Frå Svinningen går turen på ein relativt grei markert sti i retning Midsæterfjellet via Søtefjellet (769 moh), ein ikkje namngjeven topp på 729 moh, Sauskolten (732 moh) og Rindafjellet 715 moh.

Innimellom kan det vera at du mistar stien, men tenkjer du på å halda deg på fjellryggen, finn du den fort at.

Eit anna tips er å ta ein rast ved eitt av dei mange vatna som ligg der. Idyllisk ein solskinnsdag.

Er du lur har du pakka med deg badetøy for ein forfriskande dukkert.

Det siste strekket ned frå Midtsæterfjellet er igjen litt bratt. Du skal ned om lag 340 høgdemeter i løpet av vel to kilometer. Stien er god å gå på, så sjølv om beina kanskje byrjar å bli møyre, bør det gå fint.

God tur!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.