Sport | 15. okt. 2016

Sendt til 3. divisjon på overtid

Petrit Zhubi skåra minuttet før full tid, men så kom to mål imot og alt håp om å redda plassen er no ute for Lysekloster.

Sendt til 3. divisjon på overtid
Innbytar Petrit Zhubi utlikna i 89. minutt, men Lysekloster tapte 4-2 borte mot Frigg i dag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. okt. 2016 13:35

Lysekloster spelte i dag borte mot Frigg i det som var nest siste runde i årets PostNord-liga.

Med siger i dei to siste kampane ville Lysekloster, med hjelp frå andre resultat, hatt håp om å klara topp 7 og halda seg i divisjonen.

Sånn gjekk det ikkje.

Frigg - Lysekloster 4-2 (1-0)
Målskårarar, Lysekloster: Christer Olsen og Petrit Zhubi.
Lysekloster: Ole Christian Olsen - Gojko Ivkovic, Oliver Kirk Larsen, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen - Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Martin Eidsvik - Ståle Steen Sæthre, Sebastian Holmqvist og Christer Bergesen Olsen.
Innbytarar med speletid: Thomas Aarsund, Josha Philip Pritchard og Petrit Zhubi.

Vertane gjekk opp i 1-0 på sjølvmål på frispark, som gjekk via Gojko Ivkovic, i 18. minutt.

– Det var vel det einaste skotet dei hadde på mål før pause. Vi hadde rikeleg med sjansar til å avgjera kampen allereie i førsteomgang, seier Lysekloster-trenar Thomas Sandal.

Gjestane utlikna ved Christer Olsen i 63. minutt. Så gjekk Frigg igjen opp i leiinga i 80. minutt før innbytar Petrit Zhubi utlikna 9 minutt seinare.

To kontringar etter full tid

2-2 var uansett ikkje godt nok for Lysekloster, og verre blei resultatet då Frigg skåra i både 90. og 94. minutt.

– Vi stå høgt i forsøk på å vinna kampen, så vi kunne halda liv i draumen om å halda oss, og då fekk vi to kontringar imot.

Lysekloster ligg på 9. plass med 30 poeng, 4 poeng bak Fyllingsdalen, som i dag slo Vidar 2-0 på heimebane.

Lysekloster avsluttar sesongen og 2. divisjonsopphaldet med heimekamp mot botnlaget Førde neste helg.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.