Lokal | 16. jan. 2017

Sendte alle elevane heim grunna kald skule

370 elevar fekk fri: – Vi prøvde å køyra undervising, men det var så kaldt at elevane knapt klarte å halda i blyanten, seier rektor Kåre Lutro.

Sendte alle elevane heim grunna kald skule
Os ungdomsskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. jan. 2017 09:46

Os ungdomsskule har sendt alle elevane heim etter første skuletime måndag.

– Vi har hatt problem med sms-tenesta, så vi sender også epost. Vi håper alle foreldra har fått beskjed, seier rektor Kåre Lutro.

Skulen har ordna med skyss så alle kjem seg trygt heim.

13-14 gradar i klasseromma

Årsaka til at skulen er kald er at det var eit straumbrot laurdag morgon. Dette blei ikkje oppdaga og skulen blei ståande utan oppvarming heile den kalde helga.

Temperaturen ute har lagt på minus sidan fredag.

– Det var 6 gradar i gymsalen, så den stengte vi umiddelbart. I klasseromma ville vi prøva for å sjå om vi fekk varmen opp, men det er framleis berre 13-14 gradar i dei aller fleste.

– Elevar og lærarar sat med ytterjakke på, men det var så kaldt at elevane ikkje klarte å halda i blyanten.

Andre gong på tre veker

Det er ikkje første gong straumen går på Os ungdomsskule i helgene.

– Dessverre går det ikkje varsel til teknisk eining i Os kommune når dette skjer. Det er andre gong på tre veker, og vi veit at det er ein jordfeil på huset som ikkje er funnen.

Skulen har, som tidlegare omtalt, eit problem med ventilasjon og oppvarming etter førre ombygging.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.