Lokal | 26. feb. 2017

Sentral drift i utkanten

Med auka byggeaktivitet, ny veg og ny leiar er 30 år gamle Drange Bruk AS rigga for vekst.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. feb. 2017 07:56

Bildeserie:

Drange Bruk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Drange Bruk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Drange Bruk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Drange Bruk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Drange Bruk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Drange Bruk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Drange Bruk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Drange Bruk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Drange Bruk (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Anten du køyrer Helleskaret eller Åsen er det eit stykke ut til Drange samanlikna med dei større trelastene i Industrivegen rett nord for Os sentrum.

Med omsetnad på 8 til 12 millionar og 0,5 til 0,9 millionar i overskot dei siste åra har det vore god drift for veslesøstera til Montér, i utkanten av kommunen. Drange Bruk er med i Byggi-kjeda, som til liks med Montér er eigd av Optimera.

No gler søskenflokken Drange, som eig firmaet, seg over auka byggeaktivitet i nærområdet, ny fylkesveg på gang frå komande E39 via Åsen til Helleskaret - og over å få ny dagleg leiar på plass.

– No får du tid til å vera meir ute i felten?

– Ute i felten må eg vera heile tida, det, men det er klart det blir lettare no. Dessutan er det ein flink fyr vi har fått med oss, seier medeigar og avtroppa dagleg leiar Morten Drange.

Frå petroleum til treverk

Frå 1. januar var Lars-Erik Offernes sjef ved 30 år gamle Drange Bruk AS. Offernes hadde leiarjobb i Statoil då han tok sluttpakke, og hadde andre jobbtilbod i samme bransje då han bestemte seg for å skifta til eit heilt anna beite.

– Sjølv om dette er ein annan skala og andre budsjett enn kva eg har jobba med dei siste åra, er det minst like spennande, synes Offernes.

– Eg kjenner Morten og Tore godt frå før og vi har lufta ulike idear for verksemda. Både anlegget og og selskapet er skalert for endå større volum enn i dag.

Butikken og trelasten er kanskje ein endå meir utprega sommarbutikk enn andre i same bransje, grunna plassering på ein kai, midt i eit av dei større hytteområda i Os.

– Det aular med folk her frå påske og gjennom sommaren, ikkje minst om laurdagane. Hyttefolket har alltid noko dei skal reparera eller bygga, og då er det lett å ta alt sjøvegen, seier Kenneth Eriksen.

Veksta er venta å koma frå endå meir eigedomsutvikling, og selskapet er aktivt ute og ser etter tomter og potensielle utbyggingsområde i passeleg storleik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.