Sport | 12. sep. 2014

Seriestart i ny divisjon

Os Basketballklubb, som rykte opp i vår, har mål om nok eit opprykk i sesongen som startar på heimebane laurdag.

Seriestart i ny divisjon
Os Basketballklubb på trening i Oshallen torsdag kveld, to dagar før seriestart på heimebane. Mons Martin Borgen t.h. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. sep. 2014 20:15

Os har dei siste åra hatt eit godt basketballag, og rykte opp til 1. divisjon i 2009. Men kostnadane med å spela i 1. divisjon var så høge at laget måtte trekka seg før dei kom i gang på nest øvste nivå.

– Men spelarane heldt fram med å trena saman og kom i gang i serien igjen i fjor, fortel Mons Martin Borgen.

Borgen er med på treningane, men den aktive friidrettsutøvaren nøyer seg med å vera lagleiar når det kjem til kamp.

I ny divisjon laurdag

Frå å vera kvalifisert til 1. divisjon til, fire sesongar seinare, spela 4. divisjon, blei lett match for Os.

Første kamp i fjor enda med 83-25-siger og i vår blei det opprykk til 3. divisjon.

I morgon er det serieopning i Oshallen mot Gimle C (kl 17.30).

Sjå terminliste og tabell

Sterk stall

Laget frå Os har berre éin nordmann.

– Dei fleste er frå Litauen, men fleire av dei kjem frå ulike delar av landet, dei spelte ikkje saman i heimlandet før dei kom til Os.

– Fleire på dagens lag var med på opprykket i 2009, i tillegg har vi fått ein ny spelar med fartstid i 2. divisjon. Målet er opprykk denne sesongen òg, seier Borgen.

Fleire frå Os var aktive i klubben tidlegare og det er også i år plass til flere spelarar.

– Nivået er ganske høgt, så det er ikkje sikkert at det blir speletid på eventuelt nye spelarar. Men det hadde vore kjekt å vera fleire på trening.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.