Annonse

Annonse

midtsiden

Siger med 3 av Kinden

Førre runde: Søre Neset vann 4-1, Nore Neset vann 10-2 og Lysekloster spelte uavgjort.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, august 31, 2010 - 12:11

Søre Neset tok i går ein fin heimesiger over Apollo. Tore Kinden sørgja for 1-0 og 2-0 før pause og auka til 3-0 i andre omgang.

Gjestane reduserte, men Daniel Halhjem, som skåra sitt første seniormål i førre heimekamp, kom innpå og auka til 4-1.

- Vi spelte fin fotball og hadde full  kontroll frå start til slutt, seier trenar Morten Øvrebø.

Etter å ha rota vekk 3-0 leiing til 3-3 og poengdeling i førre kamp er avstanden opp til serieleiar Krabbetor framleis 5 poeng.

- Vi skal halda fokus på å gjera vår jobb, så får vi sjå om Krabbetor snublar og gjer frå seg nokre poeng før sesongslutt. Uansett skal vi gje dei kamp til døra.

Søre Neset har skadefri stall og to nye spelarar, Remi Lindborg og Ørjan Hellesnes, som begge fekk speletid i går.

Laget frå start (4-3-3): Anders Kloven, Frank Haugland, Emilis Zilinskas, Audun Røren, Ørjan Hellesnes, Anders Kinden, Andreas Pettersen, Øystein Lien, Torbjørn Hjelle, Tore Kinden og Kjetil Henriksen.
Innbytarar med speletid: Remi Lindborg, Daniel Halhjem, Lars Martin Høyvik og Stig Bjarte Fagerlid.

SJÅ TABELL (5. div)

Braksiger til Nore Neset
Nore Neset spelte heimekamp mot Rong sundag kveld. Gjestane skåra det første målet så tok Nore Neset over.

Det sto 3-1 til pause og etter at nesten heile laget hadde hatt kvar si skåring enda kampen 10-2.

Målskårarar: Remi Snilstveit, Alexander Thuen (2), Kristian Minde, Tony André Fagerthun, Eivind Vedholm, Jørgen Nilsen, Chris Søvik, Marius Halhjem og Aleksander Havsgård.

Rong låg på 2. plass på tabellen før kamp, men med suveren målforskjell i avdelinga (42-17 på 10 kampar) er det no Nore Neset som ligg bak serieleiar Søfteland.

SJÅ TABELL (7. div)

Uavgjort x 2
Lysekloster (6. divisjon) og Lysekloster 2 (7. divisjon) har også spelt i helga.

Førstelaget spelte 0-0 borte mot Hausvik, andrelaget spelte 3-3 borte mot Fotlandsvåg.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11