midtsiden

Sigeren kan glippa

Siste innspurt, Bergens Beste: Søfteland Rock N LoL har leia frå start, men no skal «Uken» ha gått forbi.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, august 6, 2011 - 15:57

Bergens Tidende kårar Bergens Beste i ei rekkje kategoriar. Sidan forsommaren har BT-lesarane stemt på sine favorittar og medan ORBO & The Longshots har leia klassen Bergens Beste band har Søfteland Rock N LoL lenge leia i kåringa av Bergens Beste festival.

Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LoL

– I morgon er siste dag å stemma på og no i det siste har BT tatt vekk grafen som viser korleis vi ligg an, seier festivalsjef Andreas Lindborg.

– Men eg har lest at NHH-festivalen «Uken» har passert oss, så no håper vi på ein solid innspurt i vår favør.

Her kan du lesa meir om Bergens Beste og her kan du stemma på din favorittfestival.

Fem festivalar er nominert og Søfteland Rock N LoL har leia frå start. No synes Lindborg det er synd om sigeren skal glippa dei siste timane før det er avgjort.

– Vi klarte det med oselvaren, å få nasjonalbåten. No håper eg vi klarer å lokka fram det same engasjementet for Søfteland Rock N LoL, seier Andreas.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11