Lokal | 20. apr. 2017

Signerte avtale på 57,5 millionar

E39 Svegatjørn - Rådal: Vegvesenet legg 10 km vassledning for å sikra reservevatn til Os frå Bergen.

Signerte avtale på 57,5 millionar
Rådmann i Os kommune Christian Fredrik Fotland og prosjektleiar i Statens Vegvesen Sverre Ottesen har signert avtalen som sikrar Os reservevatn frå Bergen (foto: Øivind Gjerde, Os kommune)
Andris Hamretorsdag 20. apr. 2017 11:06

Statens Vegvesen og Os kommune har inngått avtale om at vegvesenet skal bygga og legga om VA-anlegg i samband med utbygginga av ny E39 mellom Svegatjørn og Rådal. På den måten sikrar Os seg ei reserveforsyning frå Bergen, som dei ikkje har i dag.

– Leidningsnettet langs nye E39 blir svært viktig for vassforsyninga til Os, seier rådmann Christian Fredrik Fotland i ei pressemelding frå Statens Vegvesen.

Ti kilometer vassledning

Det blir bygd kring 10.000 meter ny vassleining langs E39, mellom Hamre i Fana og Svegatjørn i Os, gjennom både Skogafjellstunnelen og Lyshorntunnelen. Kloakk- og spillvassleidninga blir på kring 4.000 meter, mellom Svegatjørn og Endalausmarka.

Vassleindninga vil sikra Os kommune ei reserveforsyning som dei ikkje har i dag. Leidningsnettet blir samanhengande langs nye E39, mellom Svegatjørn i Os og Nordås i Bergen.

Betaler 57,5 millionar

I tillegg til vassledningen blir det etablert anlegg slukkevatn i Lyshorntunnelen og Skogafjellstunnelen, med 250 meter mellom uttaka, som utgangspunkt. Brannvassleidningane blir kosta av Statens vegvesen. Det same gjeld ein del av hovudvassleininga, basert på lengde og del av grøfteprofil.

Prisen Os kommune må betala for den nye vassledningen er 57,5 millionar kroner. Eventuelle endringar i anlegget og løn/prisvekst kjem i tillegg.

Avtalen forutset politisk godkjenning i Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.