Lokal | 19. mars 2018

Signerte historisk avtale

Vil samarbeida med ni andre kommunar.

Signerte historisk avtale
Ordførar Marie Bruarøy signerte avtalen, sjølvsagt direkte på eit smartboard, saman med dei andre kommunane (privat foto)
Andris Hamremandag 19. mars 2018 18:56

Bildeserie:

Ordførarane og byråd samla etter singering av avtalen (privat foto)
Ordførarane og byråd samla etter singering av avtalen (privat foto)
1 av 1
Ordførarane og byråd samla etter singering av avtalen (privat foto)

Med satssekretær Paul Chaffey frå kommunal- og moderniseringsdepartementet som vitne signerte ti kommunar i Bergensregionen fredag ei regional digitaliseringsavtale.

– Os kommune har det siste året delteke i forprosjektet til det som blir kalla «Samordna regional digitalisering» saman med Bergen, Fusa, Fjell, Sund, Øygarden, Askøy, Lindås, Radøy og Meland.

– Kommunane ønskjer å vidareføre arbeidet, formalisert gjennom samarbeidsavtalen, fortel ordførar Marie Bruarøy.

Utveksle erfaring og byggje kompetanse

Formålet med det regionale digitaliseringssamarbeidet er å sikre betre tenester til brukarane - som raskare saksbehandling, betre kvalitet i tenestene og auka grad av sjølvbetjening.

– Bergen kommune har eit stort og tungt kompetansemiljø innan digitalisering, systemarkitektur og informasjonssikkerheit. Gjennom digitaliseringssamarbeidet kan Os og andre kommunar i regionen dra nytte av kunnskapen og erfaringane i dette miljøet – og samstundes utveksle erfaringar og bygge opp eigen kompetanse.

Nyskapande

Os kommune ønskjer å vere ein nyskapande og moderne kommune og ta i bruk nye og smarte teknologiske løysingar til beste for innbyggarane.

– Då treng vi gode samarbeidspartnarar. Gjennom det regionale samarbeidet og ein felles digitaliseringsstrategi er vi med på å etablere ein felles system- og kompetanseplattform som vil styrke oss og gjere oss endå betre i stand til å ta i bruk desse løysingane.

– Samarbeidet gir oss felles faglege arenaer og tilgang til felles ressursar, som personvernombod. Det vil òg gjere det enklare for oss å møte krav til digitale løysingar i statlege og regionale prosjekt, avsluttar Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.