Fotball | 17. jan. 2014

Signerte med Os i dag

Torkel Hjertnes blir verande på Kuventræ. I tillegg får Os tilbake toppskåraren sin.

Signerte med Os i dag
Torkel Hjertnes (t.v.) held fram for Os og Erik Kanestrøm er tilbake på Kuventræ. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. jan. 2014 20:43

– Begge har vore med på trening i vinter og begge signerte på trening i kveld. Torkel for eitt år, Erik for to, seier Lars Bakkerud.

Back- og kantspelar Torkel Hjertnes var i utgangspunktet ikkje motivert for å halda fram, han ville heller prioritera skule.

Kant og toppskårar dei siste åra, Erik Kanestrøm, gjekk som kjent til Nest-Sotra midt i førre sesong.

– Torkel er ein sterk og erfaren spelar og ein garantist for full trøkk å trening.

– Erik skårer mykje mål. Vi er veldig nøgd med å ha begge med oss vidare, seier Bakkerud.

Sa nei til Nest og Åsane

Kanestrøm har vore usikker på kva han fekk av vidare tilbod etter at Nest-Sotra rykte opp til Adeccoligaen.

– Men no bestemte eg meg. Eg har ringt til Nest og sagt at eg ikkje vil reisa den lange vegen til Sotra for å trena i år.

Nest-Sotra fortalte at Åsane har vist interesse, og lurte på å halda på Erik for å leiga han vekk til 2. divisjonsklubben. Også dette takka Erik nei til.

– Det er veldig kjekt med ny satsing og mange nye folk på Os, både i sportsleg apparat og fleire nye spelarar, seier Erik, som bur fem minutt frå Kuventræ.

Torkel takka ja

Torkel Hjertnes, som har vore på A-laget sidan rundt opprykket til 2. divisjon i 2006, tar sin andre bachelorgrad og ville i utgangspunktet ikkje ta seg tid til å spela for A-laget til Os i år.

– Motivasjonen var ikkje på topp då sesongen var over. Det er noko anna no, seier han.

– I tillegg til ny sportsleg satsing er fleire andre med vidare, Børge Borgen og Mats Lepsøe, og no er også Erik tilbake.

– No håper eg vi også får Stian Lunde med ein sesong til, og at Mats Cato kjem tilbake til Os.

Bakkerud sier Os håper å få med Lunde og Moldskred, men at dei to førebels ikkje har bestemt seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.