Sport | 27. apr. 2017

Signerte stoppar frå Hønefoss

Tidlegare Hønefoss-kaptein Durim Muqkurtaj blei i dag Lysekloster-spelar.

Signerte stoppar frå Hønefoss
Durim Muqkurtaj har i dag signert for Lysekloster. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. apr. 2017 12:47

Lysekloster har i dag signert kontrakt med Durim Muqkurtaj.

– Han landa på Flesland i formiddag. Så gjekk turen via medisinsk testing på Brann Stadion før vi no blei einige om alle vilkår og signerte, seier sportsjef i Lysekloster Svein Kollen.

Det er skriven kontrakt ut året.

– Andre roller i klubben kan bli aktuelle, men alt har gått fort, så det har vi førebels ikkje diskutert.

Tilbake til Vestlandet

Durim Muqkurtaj sine foreldre er frå Kosovo. Han er fødd i 1994, på Voss, der han budde til han var rundt tre år gamal. Etter å ha budd ein kort periode i Lerdal vaks han opp i Brandbu.

Muqkurtaj gjekk frå Raufoss til Hønefoss før 2012-sesongen, og debuterte for A-laget til Hønefoss i 2014. Som 20-åring spelte han ti kampar i 1. divisjon, fire av dei som kaptein, før ein kneskade sette han ut av drift.

I 2015 blei det 9 kampar med B-laget og éin med A-laget, i fjor spelte han 13 kampar for A-laget i 2. divisjon, skåra to mål og fekk eitt gult kort.

Hønefoss landa på 3. plass i 2. divisjon avdeling 2 i fjor.

Prøvde seg for Asker og Florø

Før han fekk kontakt med Lysekloster har Durim i vinter trent med Asker og Florø.

– Eg terminerte kontrakten med Hønefoss før oppkøyringa starta. Etter fem år i same klubb ville eg prøva noko nytt.

Ifølgje avisa hadeland.no spelte han bra då Asker tapte 0-1 for Vålerenga, og då Florø spelte treningskamp mot HamKam.

– Det blei nokre fine år i Hønefoss. Å skåra 1-2-målet mot Vålerenga i cupen i fjor var eit av høgdepunkta, seier Durim til Midtsiden.

I samtalar med Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik fekk han eit godt inntrykk av klubben, og av området han no skal bu i.

– Eg har vakse opp på ein roleg stad, så det passar meg godt å flytta til ei bygd litt utanfor Bergen.

Durim skal no flytta inn med stopparkollega Denis Ljubivoc, som har husvære i Lysefjorden.

Erstattar Aleksander Andersen

Lysekloster hamna på spelarjakt igjen då kontrakten med Aleksander Andersen blei terminert.

Andersen fekk 68 kampar for A-laget til Lysekloster etter overgang frå Fyllingsdalen før 2014-sesongen. Det skal ikkje vera sportslege årsaker til at han måtte gå frå klubben.

– Det var ei personalsak, og vi blei einige om å avslutta kontrakten, seier Kollen i ein knapp kommentar.

Han er no nøgd med å ha Muqkurtaj på plass.

– Durim har prestert godt på høgt nivå, seinast i fjor, og er både høg og sterk i hodeduellar.

Første trening med Lysekloster blir fredag. Laurdag er det bortekamp mot laget dei i går slo 0-1 i NM, Stord.

Midtsiden samleside: Lysekloster fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.