Sport | 10. feb. 2015

Signerte toppscorar

Lysekloster held fram med å styrka stallen. Måndag signerte dei ein spelar som har skåra 50 mål i 2. divisjon dei siste 4 åra.

Signerte toppscorar
Manager Thomas Sandal og hovudtrenar Ørjan Sandal signerte måndag ny spelar for Lysekloster (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 10. feb. 2015 10:13

Nysigneringa Tommy Gaustad, kom innpå i andre omgang då Lysekloster spelte sesongens første treningskamp måndag kveld.

26-åringen har dei siste åra spelt for Åsane i 2. divisjon og har vore ein notorisk måljegar med til saman 50 mål på dei fire siste sesongane.

Fleire klubbar i bergensregionen har vore på jakt etter spissen, mellom anna 3. divisjonskollega Sotra, men valet falt til slutt på Lysekloster.

– Tilbodet var så mykje betre frå Lysekloster enn det Sotra kunne tilby. Enkelt og greit, seier Gaustad til Vestnytt.

Fleire gode signeringar

Trenar i Lysekloster, Ørjan Sandal, er naturleg nok nøgd med å signera Gaustad.

– Vi har gjort mange gode signeringar i vinter, kor Tommy er ein av dei.

– Den endeleg avtalen gjekk i orden måndag, fortel Sandal.

– Han blir ein av fleire gode angrepsspelarar som kjem til å spela for oss denne sesongen.

– Det blir ein tøff konkurranse om plassane på topp.

Ser etter fleire

I tillegg til Gaustad har Lysekloster også signert midtbanespelaren Kim André Liseth.

– Liseth kjem til oss frå Vadmyra og er ein dyktig midtbanespelar.

– Det vil nok framleis gå nokre veker før han er med oss for fullt etter at han tok ein lyskeoperasjon tidlegare i vinter.

– Er de komplette no, eller ser de etter fleire spelarar?

– Vi ser framleis litt etter spelarar.

– Det er framleis fleire som har gitt seg frå i fjor enn kva som har kome til, avsluttar Ørjan Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.