Lokal | 17. des. 2015

Sikta for drapsforsøk etter knivstikking

Mannen som i går blei pågripen etter knivstikking på Søfteland blir truleg framstilt for varetekt fredag.

Sikta for drapsforsøk etter knivstikking
Mannen blei pågripen utan dramatikk etter knivstikkinga onsdag i 9.30-tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. des. 2015 09:12

Onsdag formiddag blei ein mann i 20-åra tatt etter knivstikking på lageret til GC Rieber Compact AS på Søfteland.

– Vi har tatt eit førsteavhøyr og vi har hatt nokre vitne inne til avhøyr, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Politiet har koda saka som drapsforsøk. Mannen har status som sikta. Fimreite vil førebels ikkje seia noko om kva sikta har forklart.

– Men vi er ikkje i tvil om at rett mann er sikta i saka.

Mannen, som var innleigd arbeidskraft på Compact, er så vidt Fimreite kjenner til ikkje tidlegare straffedømt.

– Det går betre enn venta

Offeret, ei 44 år gamal kvinne, blei køyrd til Haukeland med ambulanse. Helse Bergen har ikkje endra status på tilstanden etter klokka 11.00 i går, den står framleis som alvorleg skadd.

– Vi fekk ein telefon frå Haukeland i går kveld der dei fortel at det går langt betre enn venta, seier Compact-direktør Per Hening Hamnes.

– Skadene var ikkje fullt så alvorlege som det først såg ut og den skadde har det etter forholda bra.

Samla dei tilsette

Det var full stopp i produksjonen etter hendinga onsdag formiddag.

– Vi har konkludert med at det var rett av oss å stoppa både formiddagsskiftet og ettermiddagsskiftet i går. Men vi føler òg at det er rett å prøva å koma i gang med vanleg drift igjen.

I dag tidleg var alle tilsette samla i kantina for samtale. Enkelte har òg fått individuelle samtalar med folk frå bedriftshelsetenesta.

– Eg synest dei tilsette taklar dette på ein veldig god måte, seier Hamnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.