Næringsliv | 14. mars 2015

Siste søndag på kafeen

I morgon har Karla Larsen sin siste arbeidsdag i 49 år gamle Halhjem Kafé. I april kjem nye leigetakarar for å pussa opp og starta dagleg drift.

Siste søndag på kafeen
Halhjem Kafé  sett frå sjøen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. mars 2015 08:23

I 1966 inviterte Randi og Karl Sælen til staseleg opning av nye Halhjem Kafé. Dottera Karla Larsen overtok kafeen, der ho nærmast har vakse opp. Men no vil ho gje seg.

– Eg er i utgangspunktet pensjonist, og eg er lei av å jobba så mykje og å ikkje ha fri i helgene, seier Karla.

Då passa det bra at ho nyleg fekk ein telefon frå nokon som ønskjer å overta lokalet.

– Det er ein utanlandsk kokk med kjærast frå Os. Det kom brått på, og det har gått fort, men tida var rett for å overlata lokalet til andre.

Heimelaga suksess

Dei første åra var kafeen open kvar dag. Dei siste 20-30 åra har det vore ein fast søndagskafé.

Det er som oftast folk utanfor allereie før opning klokka 13, og mange faste gjestar, også frå Bergen, klare for å nyta god, heimelaga middag saman med utsikta over Hauglandssjøen.

I tillegg har kafeen vore eit populært selskapslokale til bryllaup, konfirmasjonar og andre store dagar.

– Bryllaup har det blitt ein del mindre av, det ser ut som om dei fleste ser etter lokale der dei kan ha med seg drikke, i staden for ein plass som har skjenkeløyve. Men vi har hatt ein del runde dagar og vi har bestilling på konfirmasjon til våren.

Nyopning i mai

Dei nye leigetakarane overtar snart lokalet og vil pussa opp for å opna igjen i mai.

– Dei har teikna kontrakt på 1 + 9 år. Det ser ut som om dei vil satsa litt og at dei vil ha ope kvar dag.

Midtsiden kjem tilbake med meir om dei nye eigarane når vi har fått ein prat med desse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.