Stig Sivertsen med den 110 cm lange fisken. Ifølgje tabell er den 13,2 kilo tung.

Sivertsen tok laks på over 13 kilo

Årets «Oskar» er førebels ikkje delt ut, men det er tatt fleire store fiskar opningsnatta.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Då Stig Sivertsen kom til elva i 6-tida onsdag morgon sto det fleire å fiska på favorittplassen hans. Fiskekortet «Kremretten» går frå sone 5 til Tøsdalsvatnet, og vidare eit stykke frå Tøsdalsvatnet mot Søfteland (sjå kart).

– Eg lurde på å gå heim, men så tok eg turen opp til Tøsdalsvegen for å sjå. Der vaka det og eg kasta snøret uti, fortel Stig.

Normalt fiskar han med floge. I dag hadde han med seg ei stang for 14-grams sluk.

Det blei fisk på første kast, og det var ingen liten laks som beit på!

– Eg hadde ikkje tid til å vega den, men eg har målt lengda. Laksen er 110 cm lang, og ut frå tabell skal den då vega 13,2 kilo, fortel Stig om det som er hans største laks til no.

Den største laksen som blei tatt i Oselvo i fjor var på 12,5 kilo. Her er den nest største, Eivind Sjøbø sin på 12,0 kg.

Fekk den på land, utan håv og klepp

Kampen om å få den på land blei heldigvis ikkje så lang, de han sto åleine, utan både håv og klepp.

– Den må ha fått sluken på ein uheldig plass, for etter eit kvarter kom buken i vêret, då var den ferdig.

Laksen ser ut til å ha stått ei stund, for den hadde byrja å bli mørk.

– Den er neppe nygått, kanskje den gjekk opp i mai? undrast den heldige fiskaren.

Første fisk klokka 00.10?

Det er tatt fleire store fiskar i Oselvo i natt.

Rolf Lihaug tok ein laks på 7,9 kilo klokka 00.50 (sjå bilde i bildeserien over), også det i Kremretten.

Lars Olve Haukeland tok ein laks på 4,0 kilo. Denne blei tatt klokka 00.10 på Søfteland, og ligg i skrivande stund an til å vera årets første laks.

Ingen «Oskar» er delt ut

Monica Lund tok ein laks klokka 00.29, men verken Lund eller Haukeland er Oskar-kandidat (første laks tatt av medlem i fiskelaget sine sonar).

• Midtsiden var i Oselvo den første timen i natt: Tam start på opningsnatta

– Ingen av dei to er medlem. Til no veit eg ikkje om nokon av medlemmane har fått fisk, seier leiar i fiskeutvalet i Os Jakt og Fiskelag, Anders Kloven.

Også han fiska i Kremretten i natt, men er førebels utan fangst.

Han skal i sone 2 no i kveld, så får vi sjå om det bli leiaren som får årets Oskar.

– Det er uansett kjekt å sjå at folk får fisk, og at dei får stor fisk, seier Kloven.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.

bilde-midtsiden

Først Stord - så Os

17. oktober 2017

Komipris-vinnar Christine Hope er i ferd med å starta vestlandsturneen sin.