Kultur | 18. aug. 2014

Sjå Fredrik sin første musikkvideo

I kveld syng han på Idol - her kan du sjå Fredrik Dahle Kristiansen sin første musikkvideo.

Sjå Fredrik sin første musikkvideo
Fredrik Dahle Kristiansen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. aug. 2014 13:04

I førre veke blei det kjent at osingen Fredrik Dahle Kristiansen (21) frå Søfteland er blant årets Idol-deltakarar, og at han er førstemann ut når talentserien har sesongpremiere på TV2 i kveld.

Les òg: Søftelending med i Idol

– Det starta med interesse for gitar. Eg fekk min første el-gitar då eg gjekk i 4. klasse og spelte ein del saman med broren min, fortel Fredrik til Midtsiden.

Han har knapt spelt for noko publikum og første gong han song for nokon var for å hjelpa ein kamerat.

– Vi hadde avslutning i 8. klasse. Eg spelte gitar, to andre var med på trommer og vokal. Men då han som skulle synga trengte litt hjelp med å koma i gang, blei det til at eg song låta.

Klokka 20 i kveld skal han synga og spela gitar på TV2.

Takkar rockemiljøet i Os

Fredrik fortel at han ikkje har spelt i band, men at han har øvd ein del saman med trommespelar Vegard Vangsnes.

– Det var ein periode vi såg etter bassist for å laga band, men så slo vi det frå oss.

– No øver vi berre på gøy.

– Musikkbingen på Søfteland har vore eit viktig tilbod for meg. Også det store og gode rockemiljøet i Os, frå Os Rockeklubb og miljøet rundt festivalen Søfteland Rock N LOL, har vore endå viktigare. Eg veit ikkje om eg framleis hadde halde på med musikk om ikkje det var for inspirasjonen frå desse.

God eigenproduksjon

Idol-deltakaren fortel at han liker best rolege rockelåtar, gjerne akustiske.

I kveld syng han «God is gonna cut you down» av Johnny Cash.

– Det er ei låt som passar meg bra, av ein type eg liker å synga.

Men Kristiansen lager også eigen musikk.

– Det har blitt ein god del låtar. Nokre av dei har eg også spelt inn og lasta opp på soundcloud.com.

– Liker ikkje å høyra på

Sjølv om han har øvd ei stund, på både gitar og vokal, har ikkje Fredrik blitt vant komfortabel med å høyra si eigen stemme.

– Det blir som når nokon har filma deg, du gremmast litt når du høyrer deg sjølv. Sånn har eg det. Eg synest det er OK å synga, men liker ikkje å høyra opptaket etterpå.

– Derfor er stort sett alt som er lasta opp første opptak. Det gjeld også den første videoen eg har lasta opp. Eg kan gjerne klippa litt i musikken, men orkar ikkje å sitta å jobba med vokalen i etterkant.

Fredrik har aldri deltatt i musikkrelaterte konkurransar før no, verken UKM, Idol eller andre.

– Det var i fjor på denne tida, eg hadde verken jobb eller kjærast, og då tenkte eg at det var på tide å gje litt gass med musikken. Eg var veldig spent på mottakinga og tilbakemeldingane frå Idol-juryen, fortel Fredrik før kveldens sending.

Han kan ikkje røpa korleis det gjekk, det får du sjå på TV i kveld.

Men her kan du vil sjå den første musikkvideoen hans (eigenprodusert låt):

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.