Lokal | 31. mars 2015

Sjå kva politiet fann i Os!

Under ein narkoaksjon mot fleire adresser i Os oppdaga politiet denne hasjplantasjen.

Sjå kva politiet fann i Os!
Her er delar av beslaget etter at politiet gjekk til aksjon mot fleire adresser i Os. (Foto: Politiet)
Andris Hamretirsdag 31. mars 2015 12:19

Politiet fekk i midten av mars kritikk for ikkje å ha rykka ut då MX Sport på Os meldte om tjuveri frå butikken. Mens operasjonssentralen i Bergen ikkje kunne senda patrulje til Os var lokale styrker opptatt med denne saka:

– Vi hadde ein aksjon i samband med ein narkotikasak kor vi gjorde eit større beslag av fleire typar narkotika, fortel politiførstebetjent og ansvarleg for narkotikasaker ved Os lensmannskontor, Kenneth Rastad.

Rastad vil ikkje kommentera kva type narkotika som blei funnen eller storleiken på beslaget.

– Beslaget er sendt til analyse hos Kripos.

Fann hasjplantasje

Under ransaking i husværet hos ein av dei mistenkte i saka gjorde politiet eit oppsiktsvekkande funn.

– Der fann vi ein hasjplantasje og produksjonsutstyr.

I tillegg til cannabisplantene blei det funne andre typar narkotika.

– Det blei også gjort beslag på fleire adresser i samband med saka, seier Rastad.

To blei tatt

Aksjonen kom etter ei brei etterforskning kor politiet samarbeidde med andre offentlege instansar.

– To personar, ei kvinne og ein mann i 20-åra, blei tatt i aksjonen.

– Kvinna blei sleppt fri etter avhør mens mannen blei varetektsfengsla i ei veke.

– Under seinare avhøyr erkjente han forholda, fortel politiførstebetjenten.

Sidan mannen har innrømt straffekyld går saka mot ei sokalla tilståingsdom.

– Omfanget er ikkje avklart enno, då analysene ikkje er ferdige hos Kripos.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.