Statsraad Lehmkuhl ankomst Os 2017

Sjå Statsraaden sin ankomst frå luft og land

Bildeserie og video: Sånn såg det ut då Statsraad Lehmkuhl kom til Os i dag - og her er programmet for bryggedansen i kveld.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter cruise frå Bergen i overskya, men elles fint vestlandsvêr la Statsraad Lehmkuhl i dag til land for å sleppa passasjerar og Os Mannskor på brygga der det i kveld er dans og rekebord.

Sjå video frå drone, i 100 km/t og 4K oppløysing, filma av Varde Solutions.

Statsraaden hadde ope skip frå klokka 16, ein knapp time etter ankomst, og blir liggande som vertsskap og utgjer delar av festområdet på Os kommune sin dans i kveld.

– I går hadde vi selt 450 billettar, fortel kultursjef Lisbeth Axelsen.

– Men vi har plass til 900, så det blir mogleg å kjøpa billett «i døra». Hugs å koma tidleg, første band går på scenen kort tid etter start klokka 19.

Første band på scenen er Mighty Magnolias (19.15). Diamonds går på scenen klokka 20.00, Blue Experience klokka 21 og 23.