Sport | 18. aug. 2010

Sjekk skotet!

Juniorane knuste Åsane. Johannes Jordal sto for tre av måla.

Sjekk skotet!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. aug. 2010 21:22

Bildeserie:

1 av 9

Etter tap både i 1/8-finalen i Norway Cup og i 1/8-finalen i NM på seinsommaren var juniorlaget til Os klare for siger i seriekamp mot Åsane på heimebane onsdag kveld.

- Vi gjorde klare avtalar om spel og strategi og alle heldt seg til avtalen. Fleire av spelarane våre har fått lite kamptrening den siste tida, sidan vi har brukt ein del frå seniorstallen i NC og NM, og desse fekk i dag vist kor godt treningsgrunnlag dei har, seier Leif Gunnar Borgen.

Os leia 1-0 til pause. I andre omgang kom det tre mål på tre minutt, og Johannes Jordal skåra sitt tredje for dagen då han nagla inn siste spikeren i kista med 5-0-skåringa.

Sven Lyssand og Tor-Erik Berge sto for dei to andre måla.

- Bak var vi også solide. Henrik Takle Eide, som har reist til Trondheim for å studera, blei erstatta i midtforsvaret av Håvard Grøteide. Håvard fann raskt sin plass ved sida av Børge.

- Frode Øvredal sto godt i mål, men måtte ut med skade i låret. Inn kom Martin Tysseland, som hadde ei strålande dobbeltredning før slutt.

Os sitt lag frå start (4-4-2): Frode Øvredal, Stian Bakke, Børge Borgen, Håvard Grøteide, Stian Dale, Espen Kopperud, Simen Lassen, Joakim Bjørnevik, Johannes Jordal og Sven Lyssand.

Innbytarar med speletid: Martin Tysseland, Kristian Tysseland, Espen Lie, Daniel Vevatne og Fredrik Nilsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.