Lokal | 18. jan. 2012

Sjekkar grunnen på Grindavoll

Kor "djupt" er det i Storumsbakken og kor tid kjem ny veg til Lepsøy?

Sjekkar grunnen på Grindavoll
– Her er det 11 meter ned til fjell, seier Bjørn Wold (t.v.) og Leif Kvalevåg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. jan. 2012 08:57

Det er drygt to år sidan det blei sett av 60 millionar kroner til ny veg mellom Grindavoll og Lepsøy. No nærmar det seg detaljregulering og byggestart:

Delar av fylkesveg 158 skal bli ny. Lepsøyvegen, frå Hagavik Hjemmebakeri til Mørkevågen på Lepsøy, skal utbetrast, og dei siste to vekene har vegvesenet drive med grunnboring langs vegen.

– Det er mykje dårleg grunn, seier Leif Kvalevåg frå Statens vegvesen.

I botnen av Storumbakken måtte han bora 10-11 meter ned for å koma til fjell.

– Sånn har det vore meir eller mindre heile vegen frå Grindavoll, enkelte plassar har også vore for blautt for riggen, så vi har måtta bruka handhalde utstyr.

Grunnlag for detaljregulering

Grunnboringa har halde på i to veker og det kjem til å gå minst éi veke til før Kvalevåg og kollegaen Bjørn Wold er ferdig.

– Når vi har kjørt totalsondering følgjer vi opp med CPTU-kartlegging. Då har vi ein sonde ytst på spissen og får registrert alt frå type masse til motstand og friksjon i denne.

Det er cirka 10-15 meter mellom kvart borehol, avhengig av korleis terrenget teiknar seg.

– Alt vi gjer blir logga i forhold til posisjon, som GPS-en noterer. Når vi er ferdig for dagen tar vi dataene med på ein minnepenn og sender til geologane, forklarar dei to frå vegvesenet.

Ny trasé?

Grunnlaget blir brukt i detaljregulering for prosjektet, som vegvesenet lager for kommunen, som seinare skal ta stilling til fleire element.

– Først skal saka opp i fylkestinget no i mars, der vi håper den kjem med i handlingsprogrammet med oppstart i 2013, seier ordførar Terje Søviknes.

– Men reguleringsplanen frå Statens vegvesen er det vi lokalt som skal ta stilling til. Noko av det vi må sjå på er val av trasé, det er ein sjanse for at vegen ikkje berre blir ei utviding av eksisterande veg, men at det blir nokre nye trasear, seier ordføraren.

Fekk midlar i 2009

Os kommune fekk hausten 2009 gjennomslag for si prioritering av fylkesveg 158. I fylkesrådmannen sitt framlegg til økonomiplan for 2009 til 2013 låg prosjektet inne med 20 millionar kroner.

Samferdsleutvalet i fylket blei i neste runde einige om å gå for fullfinansiering av prosjektet, med 20 millionar i 2013 og yttarlegare 36 millionar i åra etter. Saka gjekk gjennom i fylkestinget i desember 2009, der rundt 60 millionar kroner blei sett av.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.