Sjette strake sigeren
Bildeserie: Lysekloster tek ferie med seks strake sigre etter å ha slått Frigg 2-0 laurdag.
Bildeserie:
Lysekloster har så til dei grader kome i flytsonen dei siste kampane. Laurdag vann dei den sjette strake då dei slo Frigg 2-0 heime på Edne.
Målskårarar blei Thomas Helland og Ståle Steen Sæthre.
– Vi er eit lag med sjølvtillit no. Det skal vi ta med oss gjennom ferien, smiler Lysekloster-trenar Thomas Sandal.
Ut etter 10 min
Kampen starta dramatisk for Lysekloster-keeper Ole Kristian Olsen, som etter 10 minutt fekk seg ein smell.
– Det var i sida det smalt. Eg klarer ikkje vri meg, så eg hadde ingenting utpå der å gjera, fortalde Olsen på veg i garderoben.
Inn kom Chris Sunde Midtun som med ei fabelaktig redning hindra gjestane frå Oslo å ta leiinga då halvtimen var spelt.
God kontroll
Det var eigentleg aldri tvil om at poenga skulle heim. Lysekloster var rett og slett best mot eit Frigglag som kom til vestlandet utan innbyttarar.
– 1. omgangen var veldig god. Vi hadde vel 6-7 store sjansar og bør punktera kampen då, men det klarte vi ikkje, oppsummerar Sandal.
Heldigvis for Lysekloster skårte heller ikkje Frigg på si eine store sjanse, så laga gjekk til pause med 0-0.
Bunnsolide bakover
I andre omgangen held Lysekloster fram med å pressa. Frigg var litt meir med i starten av omgangen, men då Helland satte inn det forløsande 1-0-målet tidleg i omgangen gjekk noko av lufta ut av gjestane.
– Det var deilig å få målet såpass tidleg i omgangen. I tillegg gjer vi det bunnsolid bakover og skaper mykje framover, seier Sandal.
Lysekloster - Frigg 2-0 (0-0)
Gule kort til Lysekloster: Sjømæling, Helland, Ivkovic.
Lysekloster sitt lag: Ole Kristian Olsen (Chris Sunde Midtun), Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Aleksander Andersen, Espen Birkeland (Joshua Pritchard), Hans-Christian Nysæther, Martin Eidsvik, Ståle Steen Sæthre, Thomas Helland, Tommy Gaustad (Petrit Zhubi).
Mykje å revansjera
Lysekloster tek no ei pause frå serien før dei møter Førde borte 16. juli.
– Eg håper vi skal klara å behalde flyten. Det er i allefall eit lag med sjølvtillit no. Vi skal berre fortsette med det vi har gjort. Dessuten har vi mykje å revansjera etter dei første kampane i vårsesongen, avsluttar Thomas Sandal.
Lysekloster tek ferie på 5. plass på tabellen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.