Lokal | 09. nov. 2016

Sjokkerte lokalpolitikarar

Tone Hepsøe (Ap) og Marie Bruarøy (H) trudde knapt deira eige auge då dei såg at Donald Trump blir USA sin neste president.

Sjokkerte lokalpolitikarar
Tone Hepsøe (Ap) og Marie Bruarøy (H) er mildt sagt overraska over at Donald Trump blir USA sin neste president (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 09. nov. 2016 07:19

– Det er urovekkande, i aller høgaste grad, er Tone Hepsøe sin første reaksjon når Midtsiden møter ho og Marie Bruarøy på veg inn i frokostsalen på budsjettkonferansen til formannskapet onsdag morgon.

Ho får full støtte av sin politiske motstandar Marie Lunde Bruarøy (H).

– Eg vakna i 5-tida i natt og såg at det låg an til at Trump skulle vinna. Eg klarte ikkje heilt å ta det innover meg.

Ironisk og urovekkande

Dei to legg ikkje skjul på at dei er uroa for korleis dette vil påvirke det internasjonale bildet.

– Det er jo ironisk at det er skapt ein ny politikar av alle som foraktar politikarane, kommenterer Hepsø.

– Eg er òg uroa for korleis verda tek imot dette resultatet. Han har jo sendt mange urovekkande signal i valkampen. Samstundes så kjem det vel som ei overrasking. Signala på meiningsmålingane gjekk vel på at det ikkje skulle skje, oppsummerer Bruarøy.

– Det rokkar ved heile verda og korleis den skal samarbeida. Eg må innrømme at tankane går tilbake til barndommen då vi hadde den kalde krigen, supplerer Hepsøe.

USA ikkje klar for ei kvinne

Dei to kvinnelege lokalpolitikarane er samde om ein ting til.

– Det er trist at USA enno ikkje er klare for ein kvinneleg leiar.

– Dei amerikanske veljarane er utruleg konservative, konkluderer dei to.

Kan påverka kommuneøkonomien

– Det er ein litt rar dag, vil eg påstå. Tillitskrisa i USA var tydelegvis så stor at det blei eit noko overraskande resultat for dei fleste. Så spørs det kva det har å seia for budsjettkonferansen vår.

– Børsane i verda er i ferd med å vakna, der blir det nok blodraude tal, det kan nok påverka finansane våre også etterkvart. Vi får sjå kva utslag det får på sikt, opna ordførar Terje Søviknes (Frp) budsjettkonferansen med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.