Sport | 24. aug. 2015

Sjølvmål gav siger

Lysekloster slo Brann 2 på bortebane måndag kveld.

Sjølvmål gav siger
Tommy Gaustad prøvde seg, men ballen fann ikkje nettmaskene før ti minutt etter pause. (Foto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. aug. 2015 20:49

Bildeserie:

Brann 2 - Lysekloster 0-1 (0-0). (Foto: Wim Hetland)

1 av 5

Brann 2 var Lysekloster sin første motstandar på heimebane i serien i vår. På den nye banen blei det 3-3, ein av Lysekloster sine fire uavgjorte kampar til no denne sesongen.

Det er framleis tett i toppen og Lysekloster trengte full pott for å halda seg i føringa, eitt poeng framfor tabelltoar Sotra, og i dag var det eit sjølvmål som måtte til.

Innlegg av Nysæther blei heada i mål

– Det blei ein krigekamp mellom to gode lag. I første omgang var det høgt tempo, etter pause gjekk ikkje ballen like fort, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Det var rundt ti minutt ut i 2. omgang at den avgjerande skåringa kom.

– Hans-Christian Nysæther kom på eit fint raid og slo eit hardt og høgt innlegg. Ein Brann-spelar prøvde å heada den unna, men den gjekk rett i eige mål.

Sandal seier Brann 2 hadde ballen ein del i periodar, men at dei ikkje klarte å skapa sjansar.

– Det er godt å sjå at sjølv om dei stiller med spelarar som Horwath, Grønner, Rotihaug og Lorentzen så er det framleis vi som skaper mest og som klarer å hindra dei i å få til noko som helst.

Brann 2 - Lysekloster 0-1 (0-0)
Målskårar: Sjølvmål etter innlegg av Hans-Christian Nysæther.

Lysekloster: Chris Sunde Midtun, Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Aleksander Andersen, Hans-Christian Nysæther (Preben Skorpen), Ståle Steen Sæther (Joakim Hjelmeland), Sindre Hitland Flaa, Sigve Rørstad, Christer Bergesen Olsen og Tommy Gaustad (Øystein Takle Eide).

Brann 2: Alexander Horwath, Ulrik Edvardsen, Viljar Alvin Birkeland, Jan Ruben Sleen, Kapinga T. Brazy, Jonas Grønner, Jørgen Eriksen, Ahmed Omar, Oliver Rotihaug, Henrik Magnussen og Håkon H. Lorentzen.

Lysekoster speler neste kamp heime mot Fyllingsdalen 2 søndag (kl 18).

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.