Lokal | 10. juli 2015

Sju vil bygga Luranetunet

Sju entreprenørar har levert anbod på å få bygga ut Luranetunet. Valet fell over sommarferien.

Sju vil bygga Luranetunet
Nils Petter Borge er godt nøgd at 7 entreprenørar har levert tilbod på å bygga ut Luranetunet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. juli 2015 09:56

Fristen for å levera anbod på å få bygga ut Luranetunet gjekk ut fredag 3. juli. Entreprisen er ei totalentreprise, noko kommunen vurderar vil gje den tryggaste ramma for kostnadsstyring og ansvarsplassering.

– Då fristen gjekk ut hadde vi fått inn sju anbud, som alle tilfredsstiller dei overordna kvalifikasjonskrava, fortel Nils Petter Borge, kommunalsjef for pleie-, omsorg- og beredskap.

Pris tel 70 %

Borge vil ikkje røpa kva firma som har levert eller kor prisleiet ligg.

– Vi ønskjer ikkje gå ut med dette no, av omsyn til anbudskonkurransa. No skal våre folk gå gjennom tilboda og sjekke dei opp mot den kravspesifikasjonen som vi har lagt inn i tilbudsforespørselen.

– Deretter blir dei vekta opp mot dei tre kriteria pris, kvalitet i gjennomføringsplanen og angitt byggjetid. Desse tre kriteria veier henhaldsvis 70, 20 og 10 % kvar, forklarar Borge.

Klare i august

Kommunalsjefen reknar med at det vil gå litt ut i august før dei er klare til å kåra ein vinnar.

– Då kan vi fortelje kven som har vore med i konkurransen og kva priser dei har gjeve oss, avsluttar Borge.

Les òg: Slik blir nye Luranetunet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.