Seksjonsjef i Skatt vest, Inger Hageberg Øvrebø minner om at ein også må søkje prøvingsattest hjå skattetaten når ein skal gifta seg (pressefoto)

Skal du gifte deg i sommar?

Lesarinnlegg: Tida før eit bryllaup er hektisk og det er mykje å hugse på. I fokus står naturleg nok brudekjole, blomar og meny. Men gløym ikkje at det er nokre formelle ting som òg må vere på plass.

Av: Lesarinnlegg

Hugs at de, oppi alle andre bryllaupsførebuingar, også må søke om prøvingsattest hos oss i Skatteetaten. Alle som skal gifte seg må ha ein prøvingsattest. Det vil seie at Skatteetaten må sjekke at dei som skal gifte seg oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Dei får då ein såkalla prøvingsattest. For å gjere dette, treng vi i Skatteetaten å få tilsendt eigenerklæring og forlovarerklæring, og i nokre tilfelle også andre dokument. Fyll ut desse papira og send dei til skattekontoret.

Søknad om prøvingsattest er ikkje den mest romantiske delen av eit bryllaup, men utan at denne er på plass, kan tida fram til den store dagen bli meir krevjande enn den treng å vere. På skatteetaten.no finn de nyttig informasjon om kva papir de må sende inn til oss. "Vegen til ekteskapet: steg for steg" viser deg i korte trekk den formelle prosessen, både for ekteskap i Noreg og i utlandet. Det er fort gjort å klikke seg gjennom vegvisaren, og då får du ein ting mindre å tenkje på før den store dagen.

Skatt vest behandla i fjor over 4 000 prøvingsattestar og dei aller fleste ber om prøvingsattest i mai og juni. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader. Behandlingstida vår er to til tre veker, så vèr ute i rimeleg god tid før bryllaupet. Når vi har behandla søknaden, får de tilsendt prøvingsattesten.

Vi i Skatteetaten vil sjølvsagt strekkje oss langt for å hjelpe dykk viss de har gløymt å sende inn søknaden. Men i verste fall kan det vere for seint, og manglande papir vil føre til at de ikkje formelt vert registrerte som gifte. Og det er jo ikkje heilt det same å ha bryllaupsfesten utan at ein faktisk er gift.

Etter at de formelt har blitt gifte og er rekna som rette ektefolk, får vi i Skatteetaten melding om det, registrerer ekteskapet og skriv ut vigselsattest til dykk. Då gjenstår det berre for oss å ønskje lykke til med bryllaupsdagen og framtida!

Inger Hageberg Øvrebø
Seksjonsjef i Skatt vest

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nye Flesland

19. august 2017

Les om arkitekturen og kapasiteten - og se liste over de nye butikkene og restaurantene.

bilde-midtsiden

Frå Fana til Os

18. august 2017

Etter to sesongar i 2. divisjon har Skage Simonsen Lehland (19) blitt klar for Kuventræ.

bilde-midtsiden

Sommaren gjorde comeback!

18. august 2017

Fredag midt på dagen fekk vi ein forsmak på finvêret vi har i vente frå søndag og ut neste veke.

bilde-midtsiden

Framdrift på Lyssand

18. august 2017

Gatelys kan koma i oktober, men Hegglandsdalsvegen må utbetrast og flyttast før gangveg kan byggast.

bilde-midtsiden

– Vern om verdiane i hamna

18. august 2017

Natt til torsdag blei utstyr stole frå ein båt i Hatvik. – Dette er ei tid med høgare risiko for tjuveri, åtvarar politiet.