Tommy Gaustad blei, som heime mot Herd 28. mai (bildet), matchvinnar borte mot Fjøra. (Foto: Christina F. Bruarøy)

Skapte luke på seks poeng

Tommy Gaustad gav Lysekloster leiinga, så fekk Fjøra ein mann utvist.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fjøra - Lysekloster 0-2 (0-1)
Målskårarar: Tommy Gaustad og Martin Pedersen
Lysekloster: Chris Sunde Midtun, Durim Muqkurtaj, Thorvald Trætteberg, Denis Ljubovic (Tshizang'S-Kapinga Brazy), Håkon Moldeklev, Hans-Christian Nysæther (Martin Pedersen 60.), Joakim Helland, Ken-Joar Føyen (Espen Birkeland 75.), Vladan Radojkic, Tommy Gaustad (Ole Thomas Herrem 60.) og Kristoffer Østervold.

Lysekloster vann nok ein kamp då dei spelte borte mot Fjøra i dag. I same runde tapte tabelltoar Varegg 1-2 heime for Stord, og Lysekloster leiar no serien med seks poeng bak til Varegg og sju poeng på Brann 2.

Lysekloster tok leiinga i 15. minutt ved Tommy Gaustad, som òg blei matchvinnar heime mot Herd 28. mai.

Fjøra fekk til saman sju gule kort (Lysekloster ved Trætteberg fekk eitt).

I 38. minutt fekk Joar Hoberg sitt andre og vertane måtte spela over ein omgang med ti mann.

Innbytar Martin Pedersen auka til 0-2 i 74. minutt.

Artikkelen blir oppdatert når vi har fått ein prat med trenar Ruben Hetlevik.

I neste runde, laurdag 24. juni, er det toppkamp mellom Lysekloster og Varegg.

Tabell og terminliste.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nye Flesland

19. august 2017

Les om arkitekturen og kapasiteten - og se liste over de nye butikkene og restaurantene.

bilde-midtsiden

Frå Fana til Os

18. august 2017

Etter to sesongar i 2. divisjon har Skage Simonsen Lehland (19) blitt klar for Kuventræ.

bilde-midtsiden

Sommaren gjorde comeback!

18. august 2017

Fredag midt på dagen fekk vi ein forsmak på finvêret vi har i vente frå søndag og ut neste veke.

bilde-midtsiden

Framdrift på Lyssand

18. august 2017

Gatelys kan koma i oktober, men Hegglandsdalsvegen må utbetrast og flyttast før gangveg kan byggast.

bilde-midtsiden

– Vern om verdiane i hamna

18. august 2017

Natt til torsdag blei utstyr stole frå ein båt i Hatvik. – Dette er ei tid med høgare risiko for tjuveri, åtvarar politiet.