Sport | 11. nov. 2015

Skåra 27 av 31

Trioen Lerch Dahl, Wold og Lyssand skåra 27 av dei 31 måla då Os slo BSI onsdag.

Skåra 27 av 31
Trygve Lerch Dahl (8), Jørgen Wold (12) og Ove Lyssand (7) skåra 27 av 31 mål onsdag (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 11. nov. 2015 21:29

Handballherrene til Os skulle eigentleg hatt eit seks vekers langt opphald i seriespelet, men då BSI spurte om dei kunne flytta kampen 3. januar foreslo Os at dei kunne spela den i treningstida no i den ufrivillige pausa.

Onsdag kveld tok dei difor imot studentane frå Bergen til kamp i Oshallen.

Handballherrene i Os har tydelegvis hatt godt av kamp-pausa og gjekk ut i eit nesten like høgt tempo som gjestane og tok raskt leiinga.

Etterkvart senka heimelaget tempoet til eit litt meir fornuftig nivå, men heldt likevel på leiinga.

– I dag var gutane disiplinerte slik som vi har trena på dei siste vekene. Vi skal køyre klare avtaler i kvart angrep og i eit tempo som passar oss. Vi har ikkje kondis til å køyre i 100 heile vegen, oppsummerar trenar Kenneth Husebø.

Outstanding Wold

Til pause leia Osherrane med fire mål 17-13 anført av ein målkåt Jørgen Wold.

– Jørgen er outstanding om dagen og i ein heilt anna liga enn dei andre, skryt Husebø om tolvmålsskåraren.

Men det var ikkje berre Wold som fann BSI-buret onsdag. Back-kollega Trygve Lerch Dahl visste òg kor kassa sto og putta åtte. Strek-veteran Ove Lyssand putta sju, to av dei på straffe.

Os-BSI 31-26 (17-13)
Utv: Os 2x2 min, BSI 2x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Hans Brunvatne, Trygve Lerch Dahl 8, Jørgen Wold 12, Mats Brunvatne 1, Ove Lyssand 7, Fredrik Andresen 2, Peder Lyssand 1, Isak Skeie, Kristian Bruarøy, Håvard Bjørnør

Med sigeren rykka Os opp på tredjeplass på tabellen med sju poeng. Fire poeng bak Gloppen, men med ein kamp mindre spelt. Neste kamp er returoppgjeret mot BSI i Fantofthallen 29. november.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.