Fotball | 20. sep. 2014

Skåra to på serieleiaren

... men Joakim Hovden gav ikkje gamleklubben Lysekloster hjelp til opprykk då han spelte med Os mot Odda i dag.

Skåra to på serieleiaren
Joakim Hovden var i dag flytta inn frå venstrekant til spiss og skåra to. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. sep. 2014 16:37

Laurdag spelte Os borte mot serieleiar Odda. Os låg på fjerdeplass før kampen og har lite å kjempa for, mens bygderival Lysekloster, som ligg på 3. plass og har heng på toppen, nok hadde håpa på Os-siger i dag.

Men tidlegare Lysekloster-spelar Joakim Hovden og resten av Os gav ikkje Lysekloster noko hjelp.

Odda - Os 4-2 (3-0)
Målskårar, Os: Joakim Hovden
Os 4-3-3: Frode Øvredal - Torkel Hjertnes, Børge Borgen, Emilis Zilinskas, Glenn Krossøy - Håkon Kvittingen, Stian Lunde, Erik Kanestrøm - Ørjan Glesnes (Mats Lepsøe), Knut S. Haga (Adrian Valle) og Joakim Hovden (Stian Bakke).

– Os kunne ha skåra i første speleminutt. Vi kom overtok og leia til pause, sjølv om 3-0 var i overkant i forhold til banespelet, fortel Arnfinn Førsund, sportsjefen i Odda som no kan gle seg over Odda sin revansje over Os, ikkje berre etter 4-0 i vår, men etter opprykkskampen på 70-talet han fortale om i eit innlegg på Midtsiden i går.

– Joakim chippa ballen over keeper heilt i starten, men den blei redda på strek. Det er greit at Odda leia til pause, men 3-0 var i overkant, samtykkar Os-trenar Jørn Vegard Berge.

Stressa serieleiaren

I andre omgang kom Os tilbake og Joakim Hovden reduserte til 3-1 etter innlegg av Krossøy og 3-2 då han heada inn eit innlegg frå Kanestrøm.

– Eg er nøgd med at vi heva oss og overtok i andre omgang. Odda blei stressa og vi kunne fint tatt poeng i dag, meiner Berge.

Men også Odda hadde sjansar og før slutt sette dei inn 4-2.

– Vi viser at vi kan, også med dei yngste, vi hadde fire juniorar frå start i dag. No fekk Joakim problem med kneet før slutt, og vi har Christer Olsen og Sander Kvittingen ute, så det minkar på spissane våre i innspurten.

Lysekloster vann 2-0 borte over Frøya og held seg 7 poeng bak Odda.

• Sotra slo Vadmyra 4-1 og ligg 4 poeng bak serieleiaren.

• Bjarg slo Varegg i dag og gjekk forbi Os med eitt poeng.

• Os (på 5. plass) speler neste kamp heime mot Vard Haugesund 2 (på 6. plass) måndag om ei god veke (kl 19).

• Lysekloster speler heime mot Bjarg laurdag (kl 16).

SJÅ TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.