Sport | 07. mars 2015

Skåre Tune ny mann for Os

Sebastian Skåre Tune blir Os-spelar.

Skåre Tune ny mann for Os
Torsdag hadde Tune si andre trening med Os. Det blei ein våt kveld på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. mars 2015 07:33

Os er i ferd med å styrka stallen med nok ein Øystese-spelar.

Sebastian Skåre Tune, som fyller 21 år i april, har spelt 60 A-kampar for Øystese, 21 av dei i fjor.

– Eg kjem frå Holmlia i Oslo. Då vi flytta til Vestlandet spelte eg for Norheimsund ein sesong før eg fekk tre sesongar med A-laget til Øystese, fortel Sebastian.

Os tok kontakt

Tune seier han open for dialog då Os viste interesse.

– Eg har veldig sans for måten dei driv klubben på, korleis dei satsar på dei rette tinga.

– Etter første møte var eg veldig overbevist. Eg har også eit godt inntrykk av trenarane, ikkje minst El Fakiri, som eg har høyrd mykje bra om frå før.

– Stor kapasitet

Sportssjef Lars Bakkerud er svært nøgd med den nye spelaren.

– Han er ein kant og indreløpar med enorm arbeidskapasitet. Det var dette vi såg etter.

– Sebastian er ambisiøs og har høgt tempo i det han gjer, han kjem nok til å passa perfekt inn i gruppa.

Torsdag hadde Sebastian si andre trening med Os. No er UiB-studenten klar for å reisa til Kypros med sin nye klubb.

Med gamle lagkameratar

Han spelte begge kampane mot Os i fjor (Os vann 4-2 heime og spelte 2-2 borte), men seier han ikkje har noko forhold til klubben frå før.

I Øystese har han blant anna vore lagkamerat med Marius Mikkelsen og Endre Brenne, som også gjekk til Os i vinter.

Øystese hamna på 7. plass på tabellen i fjor, eitt poeng bak Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.