Andreas Glomsaas Sennesvik (16) leverte ein god kamp i Einar Godø sitt sjukefråvær (arkivfoto)

Skaut seg vekk

Handballherrene til Os avslutta haustsesongen med ein svak angrepskamp.

Av: Andris Hamre Mandag, desember 19, 2011 - 14:07

Søndag avslutta Os haussesongen med å ta imot seireleiar Bergen HK (BHK) til oppgjer i Oshallen. Os har dei siste sesongane hatt godt tak på BHK, men søndag ville det seg ikkje.

Til pause låg Os to mål bak, men ingen av laga klarte å sette ballen særleg mange gangar i nota.

- Vi står bra bakover, men skyt alt for dårleg, oppsummerar trenar Leif Idar Røen.

Andre omgangen starta som den første med eit godt forsvarsspel frå Os, men framleis med bom på bom framme på banen. Samstundes set BHK sine sjansar når dei kjem gjennom og motlausa tek Oslaget utover i omgangen, noko som gjer at også forsvaret byrjar å glippe.

- BHK er eit lag vi skal vera kapable til å slå, men då må vi setta sjansane våre.

Godt innhopp av unggut

Ungguten Andreas Glomsaas Sennesvik (16) fekk sin første heile kamp for Osherrane då Einar Godø måtte melde sjukdomsforfall. Godø satt riktignok på benken, men det var ingen grunn til å sleppa han utpå.

- Andreas gjer ein god jobb, sjølv om også han sleit med sjukdom. Det er godt å sjå at vi har to keeperar som båe kan levera gode prestasjonar i mål, avsluttar Røen.

Os-BHK 16-26 (6-8)
Utvisningar: Os 3x2 min, BHK 4x2 min
Os sitt lag: Andreas Glomsaas Sennesvik, Trygve Dahl 1, Johan Nydal 5, Isak Røen 1, Ove Lyssand 4, Anders Kloven 1, Øystein Skarding 3, Joakim Blostrupmoen, Andris Hamre, Steinar Gaasdal, Einar Godø.

Med tapet for BHK tek Os juleferie på fjerde plass på tabellen.

SJÅ TABELL

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11