Sport | 24. apr. 2014

Skremte Vard på Kuventræ

I fjor tok Vard Haugesund 34 poeng i Adeccoligaen, i dag var dei heldige som ikkje tapte førsterunden i NM for Os.

Skremte Vard på Kuventræ
Jubel etter at Erik Kanestrøm tuppa inn eit innlegg frå Ørjan Glesnes til 1-1 før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. apr. 2014 18:50

Torsdag tok Os imot Vard Haugesund til første runde i NM.

Os viste ingen respekt for gjestane, som med knapp margin rykte ned frå Adeccoligaen i fjor.

Os - Vard Haugesund 1-2 (1-1)

OPPDATERT: Video med høgdepunkt frå kampen.

Vertane hadde den første store sjansen då Mats Cato Molskred knuste ein ball i tverrliggar frå over 20 meter avstand.

Men gjestane gjekk opp i 0-1 då Miljeteig sette inn kampens første mål på ei kontring i 27. minutt.

Os utlikna etter eit raid av Ørjan Glesnes, som slo inn til ein like rask Erik Kanestrøm, som så vidt nådde fram til å få ballen i mål.

Det kokte på tribunen, som var fylt med over 240 betalande publikummarar.

1-1 sto seg til pause.

Os i føringa

Etter ein ganske jamn og spennande førsteomgang tok Os over etter pause.

Frå 50. til 65. minutt skapte Os mykje, og hadde to store sjansar før dei var nær på å skåra på to cornarar på rad.

Men i 77. minutt blir ein Vard-spelar stoppa rett innanfor breisida av 16-meteren og får straffe.

Miljeteig set inn 1-2, som også blir sluttresultatet.

– Fjerde gode kamp mot 2. divisjonslag

– Eg er nøgd med at vi speler så bra mot eit så godt lag. Dette er det fjerde andredivisjonslaget vi speler jamt med i år, seier Os-trenar Jørn Vegard Berge.

– I dag kunne vi like gjerne vunne som gjestane. At ikkje kampen gjekk til ekstraomgangar er kanskje like greit, med tanke på ny seriekamp søndag.

– Men det var ein litt sur måte å tapa på, på ein straffe etter at vi har vore så nær å ta leiinga fleire gongar.

Os (4-3-3): Frode Øvredal - Torkel Hjertnes, Børge Borgen, Emilis Zilinskas, Glenn Krossøy - Stian Lunde (Mads Lepsøe 83.), Håkon Kvittingen (Adrian Valle 83.), Erik Kanestrøm - Mats Cato Moldsred, Roar Vestbø, Ørjan Glesnes.

Midtsiden kjem tilbake med video frå kampen.

Blant andre NM-resultat finn vi:
Varegg - Brann 2-3
Vadmyra - Fyllingsdalen 0-2
Fana - Stord 1-2
Sjå alle resultata frå 1. runde

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.