Lokal | 23. jan. 2015

Skulle berre kjøra kameraten heim

Han skulle gjera kompisen ei teneste, utan førarkort og med promille, men då han kom fram møtte han politiet.

Skulle berre kjøra kameraten heim
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. jan. 2015 21:13

I 4-tida natt til laurdag 26. juli blei ein mann i 20-åra tatt for promillekjøring på Søre Neset.

Bilførar, som aldri har hatt førarkort, forklarte at han berre skulle kjøra kameraten heim frå fest, ein avstand på rundt ein kilometer.

Han lånte ein bil, men då han kom fram møtte han politiet, som fatta mistanke og fekk denne stadfesta.

Blodprøven viste 1,66 promille.

Håpte på å sleppa fengsel

Sikta møtte denne veka i Nordhordland tingrett og erkjente straffeskyld.

Han håpte på å sleppa fengsel, men ved promille over 1,2 skal straffa vera fengsel utan vilkår.

Sikta blei dømt til 18 dagar fengsel, men fekk 2.500 kroner i rabatt på bota, som i utgangspunktet skulle vore på 10.000 kroner.

Han må også venta to år før han tar førarprøven.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.