Annonse

Annonse

midtsiden

Skyene forsvinn sundag

Det ser framleis litt mørkt og vått ut for laurdag, men 6 av dei 7 neste dagane skal det bli skyfri himmel.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, august 27, 2010 - 08:21

Det kjem litt sommar tilbake til Os. Sjølv om det er meldt delvis skya i dag er det ikkje før på sundag skyene skal tørka heilt vekk.

Då skal dei til gjengjeld halda seg vekke heile neste veke bortsett frå tysdag.

Det er meldt litt regn på Bondens Dag laurdag. I morgon er det også Oselvarfestivalen og kamp på Kuventræ mellom Os og Fana, men det er berre venta 2,1 mm nedbør.

Temperaturen skal ikkje stiga lengre opp enn til 15-16 gradar, om lag som første halvdel av juli med andre ord.

Sjå langtidsvarsel for Osøyro frå Yr.no.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11