Lokal | 22. aug. 2014

Skyggeboksing i bar overkropp

Politiet fekk i går melding om sprengingsuhell, timevis med bjeffing på nattestid og ein mann som tydelegvis var klar for boksekamp.

Skyggeboksing i bar overkropp
Politiet rykte ut då ein mann gjekk i bar overkropp og skyggeboksa inne og utanfor Amfisenteret. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. aug. 2014 07:35

I 12-tida i går blei ein mann i slutten av 20-åra henta av ein buss etter å ha oppført seg utagerande i Os sentrum.

Han blei meldt for brot på paragraf 350 (ordensforstyrrelse). Det same blei ein mann på same alder i 22-tida på kvelden.

– Vi fekk melding om ein tydeleg rusa mann som hadde gått i bar overkropp og skyggeboksa, både inne på Amfisenteret og utanfor Plantasjen.

– Vedkomande er ein kjenning av politiet, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Etterforskar sprengingsuhell

Litt over klokka 11 torsdag fekk politiet melding om eit sprengingsuhell i Lysefjorden.

– Dei hadde litt ulikt syn på saka, naboane som meldte ifrå og dei som utførte arbeidet, kor stor steinen eller steinane som kom fykande hadde vore.

– Ingen personar blei skadd, og det er berre snakk om mindre skadar på ein husvegg. Men grunna farepotensiale har vi oppretta sak.

Høyrde skot på Ferstad

Torsdag kveld, i 20-tida, blei politiet oppringt av nokon som hadde høyrd skot frå skogen på Ferstadvollen.

Det viste seg å vera ein som trente hunden sin til jakt, og som brukte startpistol for å venna hunden til smell.

Hund bjeffa i fem timar

I 4-tida natt til fredag var det ein person som hadde fått nok av bjeffing frå naboen sin hund.

Hunden skal ha stått utanfor huset og bjeffa frå klokka 23 til politiet kom fram og forlangte av hundeeigar tok hunden inn, og at han seinare passar på at hunden ikkje uroar nattesøvnen i nabolaget.

35 lovlydige

Politiet hadde torsdag i 23-tida trafikkontroll på Ulvenvegen.

35 bilistar blei kontrollert, alle kjørte fint og hadde papira i orden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.