Kultur | 18. okt. 2011

Slår på stortromma

I samband med 110-årsjubileumet lover musikkforeninga fullt trøkk med Heine Totland i Oseana.

Slår på stortromma
Andris Hamretirsdag 18. okt. 2011 07:47

Sist Os musikkforening inviterte til storslagen show-konsert var på 90-talet. Då var det ABBA som sto på programmet. No smell dei til med 70-talsmusikk frå mellom anna Queen, Chicago og Aretha Franklin.

- Sidan huset (Oseana, journ.mrk) no er på og vi feirar 110 år syntes vi det var på tide å laga eit skikkeleg show igjen, fortel Solveig Andersland.

Utfordrar Heine

Med seg på vokal har dei fått Heine Totland, kjend frå mellom anna «Buddy Holly» og «Mamma Mia».

- Heine er ein av Noregs fremste vokalistar og var den vi ønskte oss då vi hadde bestemt oss for kva musikk vi ville spela, fortel dirigent Rune Hannisdal.

- Han er ein dyktig songar med eit stort reportoar, men vi har klart å finna nokre låtar som han ikkje har gjort før, så han får ei lita utfordring han òg.

Sjølv om dei utfordrar vokalisten med nytt materiale innrømmer dirigenten at dei også får nok av utfordringar.

- Av dei 15 låtene vi skal spela er det mange vi ikkje har gjort før, så vi har ikkje meir enn tida og vegen, smiler ein lett sveitt dirigent etter å ha terpa på Queen sin Bohemian Rapsody.

Lokale krefter

I tillegg til den innleigde stjerna har musikkforeninga vore medvitne på å nytta det blomstrande lokale kulturlivet.

- I tillegg til Heine har vi fått med oss Gina Aspenes, Anna Søfteland Neset og Eirik Strønen Søfteland som vokalistar.

- Desse tre er alle framifrå songarar som vi gler oss stort til å jobba saman med, fortel Andersland som legg til at dei i tillegg har fått med seg fleire koristar og dansarar.

Strykarar og band

Konserten blir ikkje ein vanleg korpskonsert kor janitsjaren berre backar vokalistane.

- Vi har òg med oss strykerane i musikkforeninga og eit band beståande av Anne-Leni Søfteland Sæbø, Terje Neset, Tore Hodneland og Ørjan Gert Olsen, så dette blir ei oppleving av dei sjeldne, reklamerer Andersland.

- I tillegg skal korpset få ei meir framtredande rolle og ikkje berre vera backing-band, supplerar dirigenten.

«Gløymde» perler

Hannisdal lover eit variert program med 70-talet som fellesnemnar.

- Det blir ein del låtar som folk med ein gong veit kva er, men vi har òg plukka fram noko «gløymt» materiale som folk kanskje ikkje hugsar ut frå tittelen, men som eg er sikker på dei hugsar når vi spelar opp dei første tonene.

Konserten går av stabelen laurdag 12. november i Oseana klokka 18.

- Billettar ligg ute for sal hos Oseana og på billettservice, så løp og kjøp, oppfordrar Solveig Andersland med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.