Lokal | 26. apr. 2015

Slåstkamp i bil

Fleire personar var involvert i handgemenget, men dei ville ikkje melda kvarandre til politiet.

Slåstkamp i bil
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. apr. 2015 07:25

I 3-tida natt til søndag rykte politiet ut på melding om slåstkamp i ein bil på Halhjem.

– Det skal ha vore ein krangel og eit handgemeng, men ingen blei skadd, fortel politiet.

– Fleire personar var involvert, ingen av dei ville melda nokon og du såg ut som om den eine ikkje hadde vore noko verre enn den andre.

Tjuveri av post

Politiet i Os har hatt ei roleg helg når det kjem til feltarbeid.

Fredag ettermiddag fekk dei melding om funn av stolen post.

– Posten tilhøyrer nokon som bur mellom Os sentrum og Flåten. Den blei funnen eit stykke vekke frå postkassestativet og er levert til rett mottakar.

Natt til søndag, i 1-tida, hadde dei trafikkontroll på Byvegen. 25 bilar blei kontrollert, men det var ikkje noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.