Sport | 01. juni 2010

Sleit seg til siger

Søre Neset møtte sesongens til no tøffaste motstand då dei i går tok imot Nordnes på heimebane.

Sleit seg til siger
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. juni 2010 19:58

Med 4-2-sigeren i går held Søre Neset fram med å laga luke frå 2. plassen og ned til resten av laga i 5. divisjon avdeling 1. Men i kampen mot Nordnes fekk dei ingenting gratis.

- Det varierer ein del kva spelarar nokre av laga stiller med, men i går gav eit toppa Nordnes oss den hardaste motstanden vi har hatt til no i år. Dei spelte fin fotball og var nok samla sett det beste laget i denne kampen, innrømmer Søre Neset-trenar Morten Øvrebø.

Kampen enda 4-2 (1-0)
Målskårarar, Søre Neset: Robin Hjertnes, Tore Kinden og Emilis Zilinskas (2)

Robin Hjertnes gav heimelaget 1-0-leiing i sin første kamp frå start denne sesongen. Men i andre omgang snudde Nordnes kampen, og leia 1-2 då det sto 64 minutt spelt.

- Då fekk vi litt uro i laget vårt, men så kom Tore Kinden og utlikna, og då var det som om ein brytar blei slått på. Vi dominerte resten av kampen og vann etter to fine mål av Emilis, det eine rett etter Kinden sitt, det andre eitt minutt før ordinær tid.

Søre Neset sitt lag (4-3-3):
Anders Kloven
Forsvar, frå høgre: Øystein Lien - Ørjan Bakke - Audun Røren - Frank Haugland
Midtbane, frå høgre: Emilis Zilinskas - Andreas Pettersen - Torbjørn Hjelle
Angrep, frå høgre: Niklas Linde - Robin Hjertnes - Anders Kinden

Andre med speletid i kampen: Tore Kinden, Kjetil Eide, Erlend Eidhammer og Jan Einar Strand

SJÅ TABELL

Søre Neset speler borte mot Laksevåg 2 (sundag) før toppkamp mot Krabbetor heime torsdag 10. juni kl 20.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.