midtsiden

Slik får du ein max fest

Les festivalsjefens tips til ein vellukka Rock 'n LoL.

Av: Andris Hamre Fredag, juli 15, 2011 - 11:53

Omlag 85 frivilljuge har nytta dei siste par veken til å gjera i stand til årets fest på Søfteland Rock 'n LoL. No er det berre opp til deg sjølv kor vellukka din festival skal bli.

Her finn du festivalsjef William Lindborg sine festivaltips.

  • Kom tidleg
    slik at du ikkje går glipp av godbitane tidleg på kvelden.
    - Legg vorspielet til Søfteland.
  • Ta bussen til Søfteland.
    Om du er nødt til å køyre følg parkeringsvertane sine anvisningar.
    - Vi har laga ei parkering rett utanfor festivalområdet, om den blir full nyttar vi parkeringa ved Søfteland skule.
  • Klé deg etter vêret.
    - Det er spådd bra festivalvêr båe dagane, men litt kaldt. Klé det slik at du ikkje frys.
  • Ta med myggspray
    - Festivalområdet ligg ikkje så langt frå vatnet, så det kan fort bli litt mygg. Ikkje la den øydelegge for deg.
  • Camp om du vil
    - Druse-camp ned mot vatnet er ope i år som tidlegare. Campingbillettar til 200,- kroner får du kjøpt på nettet eller ved inngangen.
  • Kos deg!
    - Vi har to barar, ein kiosk med grillmat heile dagen og knall musikk frå to scener. Festivalområdet er delt i to sonar. Ei for dei over 18 år og ei for dei under 18 år. Det er ingen grunn til å sitte heime!

No er det berre timer til det brakar laus på Søfteland. Midtsiden.no følger festivalen tett heile helga.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11