Lokal | 05. sep. 2013

Slo eit slag for landbruket

Os Bondelag tok torsdag eit lokalt initiativ for å markera "Matvalet" i høve Stortingsvalet.

Slo eit slag for landbruket
"Kva står det her tru?" (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtorsdag 05. sep. 2013 13:50

Torsdag rigga dei seg til ved Os Brannstasjon med ein stor banner der det stod: "Norsk matproduksjon står på spel - valet er ditt 9. september".

Det blei også servert heimelaga kjøttboller, plommer og mjølk i stettglas.

Kan gje store endringar

- Veljarane skal stemma på det dei vil, men vi tykkjer det er viktig at folk er klar over konsekvensane for begge alternativ, seier bonde og leiar i Os Bondelag Olav Botnevik.

Blir det regjeringsskifte i haust kan det ifølge bondelaget gje store endringar for norsk matproduksjon. Norges bondelag, som er partipolitisk nøytralt, har gått gjennom dei forskjellige partia sine politiske standpunkt i viktige saker for landbruk og matproduksjon.

Der kom dei raud/grøne partia og KrF best ut, medan bondelaget meiner at Venstre, Høyre og Frp sin politikk vil svekka bonden si inntening og redusera matvareproduksjonen i Noreg.

- Brukaren veit kva han får

Etter 14 år i ein blå-blå kommune fryktar bøndene kva som vil skje om det blir ei blå-blå regjering.

- Då Frp og Høgre fekk fleirtal i Os i 1999 blei vi blant anna kasta ut av næringsfondet og arealplanen som var utarbeida blei lagt vekk, seier Botnevik.

- Landbruk blir ikkje sett på som næring.

Han fortel vidare at dei har fått signal frå Frp lokalt at dei ønsker svenske prisar på norsk mat.

- Å driva landbruk med norske kostnadar og samtidig ha svenske prisar på det vi sel går ikkje.

Botnevik og Os Bondelag ønsker å ta vare på bygda, kulturlandskapen og matjorda i Os, og vil gjera folk bevisst på landbruket sin plass i samfunnet.

- Med norskprodusert mat så veit brukaren kva han får, maten er kortreist og kjem frå ei oversiktleg kjede.

- Skal landbruket ha ei framtid i Noreg så må den først og fremst ha ei framtid hos enkeltmennesket, avsluttar Botnevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.