Sport | 21. juni 2014

Slo serieleiaren på bortebane

Os tok sesongens andre bortesiger då dei slo Sotra fredag kveld.

Slo serieleiaren på bortebane
Erik Kanestrøm i heimekampen mot Odda. I går sette han inn 2-0-målet mot Sotra. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. juni 2014 10:13

Etter 1-2-siger borte over Varegg i serieopninga har Os tapt fire bortekampar på rad.

I går blei det endeleg poeng utanfor Kuventræ, og det mot serieleiar Sotra.

– Det er dei beste tre poenga vi har tatt på lenge, seier kaptein Stian Lunde.

– Sotra var gode og spelte oss låge, men vi var heldige met utteljinga. Det er godt det kan gå den vegen av og til, vi har hatt mykje stang-ut denne våren.

Sotra – Os 2-3 (1-2)
Målskårarar, Os: Sander Kvittingen, Erik Kanestrøm og Stian Lunde.

Sander Kvittingen gav Os leiinga etter eit raid med påfølgjande innlegg av Mats Cato Moldskred.

– Vi fekk ei rask leiing, Sander sette inn 0-1 etter rundt 3 minutt, Erik Kanestrøm klinkte ballen i kryssen cirka 10 minutt ut i kampen, fortel Lunde.

Sotra reduserte før pause, men berre fem minutt ut i 2. omgang skåra Lunde 1-3-målet.

– Det var ein veldig sterk lagmoral i gruppa i går, vå låg tett og jobba hardt.

Sotra reduserte etter rundt 75 minutt, men denne gong gjekk det ikkje som i to andre kampar, der Os har leia 3-1 og enda med å dela poeng.

Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal – John Ole Johannesen (Stian Bakke), Børge Borgen, Dani Bergstø, Ørjan Glesnes – Stian Lunde, Mats Lepsøe, Håkon Kvittingen (Anders Kinden) – Erik Kanestrøm, Mats Cato Moldskred og Sander Kvittingen (Christer Olsen)

Os speler neste kamp på heimebane fredag (kl 19) mot Øystese.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.